Olav Holt
Utsjånad
Olav Holt | |||
Fødd | 7. januar 1935 | ||
---|---|---|---|
Død | 7. februar 2021 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | fysikar, professor | ||
Institusjonar | Norges Tekniske Vitenskapsakademi Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
Barn | Anne Holt, Even Holt | ||
Medlem | Norges Tekniske Vitenskapsakademi |
Olav Holt (fødd 7. januar 1935) er ein norsk fysikar. Han vart vald som første rektoren ved Universitetet i Tromsø (1973–1977).
Holt tok dr.philos. i 1963 og var frå 1969 professor i fysikk ved Universitetet i Tromsø og styrar av Nordlysobservatoriet. Han var direktør for Forskningsstiftelsen ved Universitetet i Tromsø (FORUT) frå 1984 til 1992. I 2018 vart han utnemnd til æresdoktor ved UiT Noregs arktiske universitet.
Han har særskild arbeidt med fysikken i den øvre atmosfæren og korleis radiobølgjer breier seg i ionosfæren.
Olav Holt er far til forfattaren Anne Holt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Olav Holt» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Henta 8. november 2013.