Olav Bruvik
Olav Bruvik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. november 1913 Haus kommune |
Død |
30. desember 1962 (49 år) |
Yrke | politikar, fagforeiningsleiar |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Olav Bruvik (22. november 1913–30. desember 1962) var ein norsk fagforeiningsleiar og politikar for Arbeidarpartiet.
Olav Bruvik var statsråd og sjef for Sosialdepartementet (sosialminister) i Einar Gerhardsen si tredje regjering frå 18. februar 1961 til han døydde.
Olav Bruvik var fødd i Haus. Han tok Statens husindustriskole på Haus i 1929, og arbeidde som smed frå 1930 til 1935. Han var deretter stolstillarlærling ved Arna Fabrikker 1935-1937, gjekk på Lennings Texstiltekniske Institutt i Norrköping 1937-1938, og arbeidde så som stolstillar ved Arna Fabrikker 1938-1944.
Han blei med i motstandsrørsla under den andre verdskrigen, og fekk deltakarmedaljen i 1945.
I 1945 vart han nestformann i Norsk Tekstilarbeiderforbund, og var så formann frå 1949 til han døydde i 1962. Han var også medlem i sekretariatet i LO 1953-1961.
Verv
[endre | endre wikiteksten]Tillitsverv i fagrørsla:
- Medlem styret i Tekstilinternasjonalen
- Medlem forretningsutvalet i Arbeidernes Opplysningsforbund
Tillitsverv i parti:
- Formann Ytre Arna Arbeiderungdomslag 1935-1937
- Formann Haus herads Arbeiderparti frå 1945
- Formann Framfylkingens venner frå 1958
- Varamedlem Det norske Arbeiderparti sitt sentralstyre 1959-1961
- Medlem styret for Oslo Arbeidarparti
Offentlege verv:
- Medlem Bransjerådet for tekstilindustrien 1949-1962
- Varamedlem Direksjonen for Noregs Bank 1953-1962
- Medlem Målsettingsutvalget 1955-1956
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Bruvik, Olav: Tillitsmannen i tekstil, Oslo 1957
- Bruvik, Olav: Fagorganisasjonen viser vei. Fagorganisasjonen og det moderne samfunn, Oslo 1962