Oksalsyre
Utsjånad
Oksalsyre (HOOC-COOH) er ei ganske sterk organisk dikarboksylsyre. Ho er til stades som salt (oksalater) i mange plantar (til dømes rabarbra, spinat og gaukesyre). Ho er òg naturleg til stades i honning. Oksalsyre blir nytta til nedkjemping av varroamidd i bikuber. Oksalsyre er giftig, letal dose er oppgitt til å vera 10 gram oksalsyre for vaksne og 3-4 gram for born. Det svarar til høvesvis 4 og 1,5 kg rabarbra.
Framstilling
[endre | endre wikiteksten]I laboratoriet kan oksalsyre framstillast ved å oksidera sukrose med salpetersyre som oksidasjonsmiddel. Litt vanadium vert brukt som katalysator.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Oksalsyre» i Caplex <www.caplex.no/Web/ArticleView.aspx?id=9325835>
- Knut Pettersen (Planteforsk): kjelde=ABC Matoppskrifter «Tid for å kutta rabarbra»