Ohio av Crosby, Stills, Nash & Young
«Ohio» Singel av Crosby, Stills, Nash & Young | ||
B-side |
«Find the Cost of Freedom» | |
---|---|---|
Utgjeve | juni 1970 | |
Innspelt | 15. mai 1970 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 2:58 | |
Selskap | Atlantic | |
Tekstforfattar | Neil Young | |
Låtskrivar(ar) | Neil Young | |
Crosby, Stills, Nash & Young-kronologi | ||
«Teach Your Children» (1970) |
«Ohio» | «Our House» (1970)
|
«Ohio» er ein protestsong skriven av Neil Young som ein reaksjon på Kent State-skytinga den 4. mai 1970 og framført av Crosby, Stills, Nash & Young. Han vart gjeven ut som singel med Stephen Stills sin «Find the Cost of Freedom» som B-Side. Singelen nådde 14. plass på den amerikanske singellista. Sjølv om konsertutgåva av songen finst på det doble konsertalbumet Four Way Street frå 1971, finst ikkje studioversjonane av desse songane på noko album før samleplata So Far i 1974. Songen finst òg på samleplata Decade av Neil Young i 1977. Ei konsertutgåve av Young finst òg på Live at Massey Hall, som vart innspelt i 1971, men ikkje gjeven ut før i 2007.
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]Young skreiv teksten til «Ohio» etter å ha sett bilete av hendinga i Life Magazine.[1] Kvelden då CSN&Y kom til Record Plant Studios i Los Angeles, hadde dei alt øvd inn songen og kvartetten med den faste rytmeseksjonen sin spelte inn songen live i studio på berre få forsøk. Same kvelden spelte dei inn den like direkte B-sida til Stephen Stills.
Innspelinga vart mastra i lag med dei fire bandmedlemmene og raskt gjeven ut av Atlantic. Berre nokre veker seinare kunne ein høyre songen på radio. Dette skjedde trass i at bandet alt hadde hitten «Teach Your Children» på listene. I teksten i omslaget til Decade skreiv Young at «David Crosby gret då han me var ferdig med dette opptaket».[2] Ein kan høyre Crosby synge klagande: «Four, why? Why did they die?» og «How many more?» medan songen tonar ut.
Teksten og reaksjonen
[endre | endre wikiteksten]
Tin soldiers and Nixon coming,
Neil Young (1970)
|
Teksten framkallar den turbulente stemninga av skrekk, raseri og sjokk etter skytinga, særleg linja «four dead in Ohio», som ein kan høyre gjennom songen. «Tin soldiers and Nixon coming» referer til den amerikanske nasjonalgarden som drap fire protesterande studentar og Young la skulda på den amerikanske presidenten, Richard Nixon. Crosby sa ein gong at det at Young nemnte Nixon i teksten var «det modigaste eg nokon gong har høyrt». Etter songen kom ut vart han bannlyst frå mange radiostasjonar fordi han utfordra Nixon-administrasjonen i teksten. Han vart mykje spelt på undergrunns FM-stasjonar i større byar og universitetsbyar. Den amerikanske motkulturen tok gruppa til seg som sine eigne etter denne songen, og dei fire medlemmane fekk status som leiarar og talsmenn gjennom resten av 1970-åra.
Songen vart kåra til den 385. beste songen gjennom tidene av Rolling Stone i desember 2004.
Andre utgåver
[endre | endre wikiteksten]Fleire andre artistar har spelt inn songen.
- 1971
- Songen vart spelt inn av the Isley Brothers på albumet deira Givin it Back frå 1971.
- 1993
- Paul Weller spelte in songen under innspelinga av Wild Wood og han vart gjeven ut som B-side til singelen «The Weaver».
- 1998
- Songen vart inkludert som eit gøymd spor på albumet Thirty Days Out av the Montrose Avenue.
- 2001
- Zegota, eit ameikansk punkrockband, gav ut ein over 9 minuttar lang versjon av songen.
- 2002
- Songen vart spelt av Devo på albumet When Pigs Fly: Songs You Never Thought You'd Hear.
- 2003
- Ei konsertutgåve vart inkludert som eit bonusspor på det første albumet til Mott The Hoople
- 2004
- The Dandy Warhols spelte ein versjon av songen på deira Come on Feel the Dandy Warhols.
- 2007
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Neil Young, gitar, solovokal på «Ohio»
- Stephen Stills, sologitar, vokal
- David Crosby, gitar, vokal
- Graham Nash, orgel, vokal
Andre medverkande
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ohio (Crosby, Stills, Nash & Young song)» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Intervju med Bill Halverson Arkivert 2010-12-27 ved Wayback Machine., lydteknikar på «Ohio».
- Tekstanalyse.
- ↑ McDonough, Jimmy (2002). Shakey. New York: Anchor Books. s. 345. ISBN 0-679-75096-7.
- ↑ Neil Young. Decade. (Reprise Records, 1977).
396: «I Know You Got Soul» Eric B and Rakim |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 395 «Ohio» Crosby, Stills, Nash and Young |
394: «Ticket to Ride» The Beatles |
- Songar frå 1970
- Singlar frå 1970
- Songar skrivne av Neil Young
- Neil Young-songar
- Crosby, Stills, Nash & Young-songar
- Atlantic Records-singlar
- Songar inspirerte av dødsfall
- Songar baserte på faktiske hendingar
- The Isley Brothers-songar
- Paul Weller-songar
- Devo-songar
- The Dandy Warhols-songar
- Ben Harper-songar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone
- Mott the Hoople-songar