Ofra Haza
Ofra Haza | |||
| |||
Fødd | 19. november 1957 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hatikva | ||
Død | 23. februar 2000 (42 år) | ||
Dødsstad | Ramat Gan | ||
Fødenamn | hebraisk עפרה חזה | ||
Opphav | Israel | ||
Aktiv | 1969–2000 | ||
Sjanger | verdsmusikk, balkanpop, mizrahi-musikk, pop | ||
Instrument | piano, vokal | ||
Stemmetype | mezzosopran | ||
Plateselskap | NMC, Hed Arzi Music, CBS | ||
Verka som | songar-låtskrivar, stemmeskodespelar, komponist, journalist, pianist, filmskodespelar, teaterskodespelar, songar | ||
Prisar | Kinor David, Årets sanger |
Bat-Sheva Ofra Haza-Ashkenazi (19. november 1957–23. februar 2000), best kjend som berre Ofra Haza, var ein israelsk songar, skodespelar og Grammy-nominert plateartist. Ho er blitt omtalt både som «Israels Madonna» og «Austens Madonna».[1][2]
Musikken og songstilen til Haza er blitt kalla ei blanding av tradisjonelle og kommersielle sjangrar, som nyttar element frå austleg og vestleg musikk, instrument, arrangement og rytmar. Ho representerte Israel i Eurovision Song Contest 1983, der ho blei nummer to med låten «Khai». Ho fekk seinare musikalsk suksess i Europa og Nord-Amerika, og toppa den norske VG-lista og fleire andre hitlister i 1988 med songen «Im nin' alu».[3]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Bat-Sheva Ofra Haza blei fødd i Tel Aviv i Israel som dotter av Yefet og Shoshana Haza, to jemenittiske jødar som hadde innvandra til Israel.[4] Ho var yngst av ni barn og hadde seks systrer og to brør. Familien budde i det fattige området Hatikva sør i Tel Aviv.[5]
Mora hadde vore songar i Jemen, og opptredde ofte i familietilstellingar. Haza sjølv byrja å syngja som barn og var solist i det lokale skulekoret.[6] Som tolvåring blei Haza med i ein lokal teatertrupp, i regi av agenten og talentspeidaren Bezalel Aloni som hadde lagt merke til songtalentet hennar. Gjennom teateret song ho i 1973 songen «Gav'agu'im», som blei svært populær i Israel. Under musikkfestivalen Mizrahi i 1974 blei ho nummer tre med songen «Shabbat ha-malkah».[7][6] Ho fullførte verneplikta si i det israelske forsvaret i 1979.
Profesjonell karriere
[endre | endre wikiteksten]Debutalbumet til Haza, Al ahavot shelanu, kom ut i 1980 og inneheldt fleire populære radioslagerar, mellom anna «Hageshem» (‘regnet’), «Shir ahava la'chayal» (‘Kjærleikssongen til soldaten’), «Kmo tzipor» (‘Som ein fugl’) og det som skulle bli signaturmelodien hennar i Israel, «Shir ha'frecha» (‘Bimbo-songen’). Sistnemnde var skriven for filmen Schlager (1979), der Haza spelte ei av hovudrollene. I byrjinga nekta radiokanalane å spela songen på grunn av teksten, som blei rekna som «uanstendig». Songen blei likevel svært populær og nådde toppen av slagerlistene i landet, og albumet nådde gullstatus. Den kraftige populariteten gjorde at Haza blei kåra til «årets songar» i Israel fire år på rad, frå 1980 til 1983.
Oppfølgjaralbumet, Bo Nedaber (‘Lat oss snakka’) følgde rakst etter og selde også til gull. Det same gjorde det tredje albumet hennar Pituyim (‘Freistingar’) frå 1982. Året etter representerte ho Israel i Eurovision Song Contest i München, der ho kom på andreplass med songen «Khai» (‘i live’). Ho enda opp berre seks poeng bak vinnaren for Luxembourg, Corinne Hermès og «Si la via est cadeau». Parallelt med Eurovision-deltakinga sleppte ho det fjerde albumet sitt, Hi, som selde til platina og blei det mestseljande albumet hennar.
Utover i 1980-åra gjekk Haza bort frå den reine popmusikken og over til tradisjonell musikk og folkemusikk frå Israel og Midtausten. I 1984 sleppte ho albumet Bait Han (‘Varmt hus’) og i desember 1984 kom eit samlealbum med jemenittiske songar, kalla Shirei Teiman (‘Jemenittiske songar’). Trass i middels spel i media blei også dette albumet ein bestseljar i Israel og oppnådde platinastatus. Albumet blei seinare gitt ut i USA av Shanachie Records under tittelen Fifty Gates of Wisdom.
Albumet Adama (‘Jord’) kom ut i 1985. Seinare same året sleppte Haza folkemusikkalbumet Shirey moledet B. Begge albuma selde til gull. I 1986 samarbeidde Haza med musikkprodusenten Izhar Ashdot om albumet Yamim nishbarim (‘Knuste dagar’). Haza skreiv tekstane sjølv, og albumet selde til gull. Blant singlane frå det var «Kol haklafim» (Vis korta), «Bo ve-nagen oti» (Kom og spel meg) og «Hake'ev haze» (Denne smerta ).
Internasjonal karriere
[endre | endre wikiteksten]Ho fekk eit internasjonal gjennombrot i kjølvatnet av Shirei Teiman («Jemenittiske songar») frå 1984. Albumet inneheldt songar som Haza hadde lært som barn, og var arrangerte med både klassiske instrument og perkusjonsinstrument frå Midtausten.[6] Songen «Im nin' alu», frå albumet Shaday (1988) fekk internasjonal suksess og toppa hitlister over heile verda – mellom anna i Noreg, Sveits og Tyskland.[3] Songen blei også spelt mykje på MTV, og toppa den europeiske hitlista i to veker. Han blei seinare inkludert som radiosong i datspelet Grand Theft Auto: Liberty City Stories i 2005. Haza vann prisen for årets beste internasjonale album under New Music Award.[8]
Ho fekk også positiv kritikk for albuma Desert Wind (1989), Kirya (1992), Ofra Haza (1997) og for barnesong-plata L'yeladim (1982). Kirya, som var produsert av Don Was, blei også nominert til ein grammypris.[8] I 1994 sleppte Haza det fyrste hebraiskspråklege albumetsitt på sju år, Kol haneshama («Heile sjela»). Sjølv om albumet ikkje blei nokon snarleg salssuksess, skapte det ein av dei største hittane hennar, «Le'orech hayam» (Langs sjøen), skriven av Ayala Asherov. Songen blei enormt populær året etter utgivinga, då Haza framførte han under minnemarkeringa for statsminister Yitzhak Rabin, som var blitt drepen i eit attentat veka før. Teksten fekk endå større symbolverdi etter at Haza sjølv døydde i 2000
Internasjonalt samarbeid og opptredenar
[endre | endre wikiteksten]Haza hadde musikalske samarbeid med fleire internasjonalt etablerte musikarar og låtskrivarar, mellom anna singelen «Temple of Love (Touched by the Hand of Ofra Haza)» med The Sisters of Mercy i 1992. Thomas Dolby var medprodusent på albuma Shirei Teiman og Desert Wind, der han også var gjestemusikar. Haza var gjesteartist på Dolby sitt album Astronauts And Heretics (1992), der ho song «That's Why People Fall in Love». Ho spelte også inn songen «My Love Is for Real» med Paula Abdul i 1995, og på Sarah Brightman-albumet Harem song Haza vokal på songen «Mysterious Days». Ideen kom frå Brightman sin partnar Frank Peterson (frå bandet Enigma), som produserte både Harem (2003) og albumet Ofra Haza (1997). Haza song også bakgrunnsvokal på songen «Friend of Stars» til det tyske elektropopbandet And One i 1993.
På albumet Kirya frå 1992 bidrog Iggy Pop, og Haza bidrog i lag med han og fleire andre internasjonale artistar på velgjerdssongen «Give Peace a Chance» i 1991. Ho song også filmmusikken til Colors (1988), Dick Tracy (1990), Vill orkidé (1990), Dronning Margot (1994) og Prinsen av Egypt (1998). I Prinsen av Egypt gav ho stemme til rolla Jokebed, og song «Deliver Us». Hans Zimmer arbeidde med musikken til filmen, og introduserte henne for teiknefilmskaparane. Det enda med at teiknarane teikna om Jokebed slik at ho likna på Haza. Ho song også «Deliver Us» på heile 18 språk.
Ho song også dei fleste songane til filmmusikken til The Governess (1998), og tok del på fleire album og songar med artistar som Jonathan Elias, Black Likevel, Eric B and Rakim, The Sisters of Mercy og M/A/R/R/S. Ho song sjølv cover av songar frå artistar som Carole King og James Taylor («You've Got a Friend»), Madonna («Open Your Heart»), Gary Moore («Separate Ways») og Led Zeppelin («Kashmir»).
Haza hadde konsertar over heile verda, mellom anna i Japan og Tyrkia, og ho opptredde under Nobelprisutdelingen i Oslo i 1994 saman med den irske songaren Sinéad O'Connor.[9] Ho opptredde også saman med artistar som Paul Anka, Paula Abdul, Michael Jackson, Iggy Pop, Whitney Houston, Svika Pick, The Sisters of Mercy, Thomas Dolby, Hans Zimmer, Dana International og posthumt med Sarah Brightman.
Seint i 1994 spelte Haza inn nytt materiale til eit nytt album. Ho jobba med Ron Aviv, ein musikkprodusent frå Petah Tikva. På denne tida jobba ho også med den finske fiolinisten Linda Lampenius, som i 2010 slapp ein ikkje-utgjeven song kalla «Tarab» på MySpace. På songen syng Haza på engelsk, arabisk og hebraisk, medan Lampenius speler elektrisk fiolin. Dette var truleg den siste innspelinga til Haza før ho døydde i februar 2000.[10]
Privatliv og død
[endre | endre wikiteksten]15 juli 1997 gifta Haza seg med forretningsmannen Doron Ashkenazi. Paret fekk ingen barn, men Ashkenazi hadde ein adoptert son og ei biologisk dotter frå det fyrste ekteskapet sitt.[11][12]
Ofra Haza døydde 23. februar 2000, berre 42 år gammal, som følgje av AIDS-relatert lungebetennelse. Døden hennar fekk enorm merksemd i Israel, og radiokanalar spelte musikken hennar kontinuerleg. Den dåverande statsministeren Ehud Barak lovprisa Haza som kulturell misjonær og eit symbol på den israelske suksesshistoria – frå oppveksten i eit fattig nabolag til å bli den største artisten i landet.
Hiv-infeksjonen til Haza var ikkje offentleg kjent då ho døydde. Kort tid etter at ho var død gjorde den israelske avisa Haaretz det kjent at ho hadde hatt hiv, noko som skapte kontroversar i Israel.[13] Mange blei overraska over avsløringa, og ho førte til debatt om det var rett å offentleggjera sjukdommen, og til spekulasjonar om korleis Haza var blitt smitta.[14] Media la raskt skulda på ektemannen Doron Ashkenazi, og manageren hennar Bezalel Aloni støtta seinare skuldingane i ei bok.[15][16] Ashkenazi meinte Haza var blitt smitta på eit tyrkisk sjukehus etter å ha fått blodoverføring i samband med ein spontanabort.[4] Ashkenazi døydde sjølv av ein narkotikaoverdose 7. april 2001.[17]
Haza er gravlagd i kunstnaravdelinga ved Yarkon-gravlunden i Petah Tikva ved Tel Aviv.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]- Studioalbum
- 1974: Ahava rishona • Første kjærlighet (med Shechunat Hatikvah teatergruppe)
- 1976: Vehutz mizeh hakol beseder • Utenom det, så er alt fint (med Shechunat Hatikvah teatergruppe)
- 1977: Atik noshan • Eldgammelt gammel (med Shechunat Hatikvah teatergruppe)
- 1977: Shir haShirim besha'ashu'im • Sangenes sang (med Fun)
- 1980: Al ahavot shelanu • Om våre elskede
- 1981: Bo nedaber • La oss prate sammen
- 1982: Pituyim • Fristelser
- 1982: Li-yeladim • Sanger fra barn (barnealbum)
- 1983: Hi • I live
- 1983: Shirey moledet • Sanger fra hjemlandet
- 1984: Bayt ham • Et sted for meg
- 1984: Shiri Teyman • Jemenittiske sanger (også utgitt som Fifty Gates of Wisdom)
- 1985: Adamah • Jord
- 1985: Shirey moledet 2 • Sanger fra hjemlandet 2
- 1986: Yamim nishbarim • Ødelagte dager
- 1987: Shirey moledet 3 • Sanger fra hjemlandet 3
- 1988: Shaday
- 1989: Desert Wind
- 1992: Kirya
- 1994: Kol haneshama • Sjelen min
- 1997: Ofra Haza
- Livealbum
- 1998: Ofra Haza at Montreux Jazz Festival
- Samlealbum
- 1983: Selected Hits (med Shechunat Hatikvah teatergruppe)
- 1986: Album haZahav • Det gylde album
- 2000: Manginat halev Vol. 1 • Hjertets melodi del 1
- 2004: Manginat halev Vol. 2 • Hjertets melodi del 2
- 2008: Forever Ofra Haza (remiks-album)
Filmmusikk
[endre | endre wikiteksten]- 1988: Colors
- 1990: Dick Tracy
- 1990: Vill orkide
- 1994: La reine Margot – Soundtrack til filmen Dronning Margot (1994)
- 1998: Prinsen av Egypt
- 1998: The Governess
- 1999: The King and I (hebraisk versjon 1999)
- 2000: American Psycho: Music from the Controversial Motion Picture
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «The Israeli Madonna». BBC Four. 2010. Henta 8. april 2015.
- ↑ «Ofra Haza, Madonna of the East». Legacy.com. Arkivert frå originalen 26. februar 2015. Henta 8. april 2015.
- ↑ 3,0 3,1 «norwegiancharts.com - Ofra Haza - Im nin' alu». norwegiancharts.com. Henta 14. april 2020.
- ↑ 4,0 4,1 Paphides, Peter (9. desember 2010). «Ofra Haza: Madonna of the dark soul». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077.
- ↑ «Måtte leve et dobbeltliv». www.abcnyheter.no (på norsk). 28. februar 2010. Henta 19. april 2020.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 «Ofra Haza». My Jewish Learning (på engelsk). Henta 19. april 2020.
- ↑ Pareles, Jon (24. februar 2000). «Ofra Haza, 41, Israeli Pop Singer Who Crossed Cultural Bounds». The New York Times (New York, USA). Henta 28. juli 2011.
- ↑ 8,0 8,1 «Ofra Haza: From Hatikva to Hollywood». Jerusalem Post online. 24. februar 2000. Arkivert frå originalen 13. oktober 2011. Henta 2. juli 2011. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 13. oktober 2011. Henta 19. april 2020.
- ↑ «Ofra Haza | Israeli singer». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 19. april 2020.
- ↑ «About Me». Henta 5. november 2019.
- ↑ Amit Ben-Aroya. "Ofra Haza's husband found dead, police suspect drug overdose", Haaretz, 7. april 2001
- ↑ Greer Fay Cashman. "Jerusalem Post Article about Shai Ashkenazi" Arkivert 24. juni 2011 på Wayback Machine. Arkivert 24. juni 2011 ved Wayback Machine., The Jerusalem Post, 21. oktober 2007
- ↑ Sontag, Deborah (29. februar 2000). «A Pop Diva, a Case of AIDS and an Israeli Storm». The New York Times. Henta 23. februar 2010.
- ↑ «Ofra Haza | Encyclopedia.com». www.encyclopedia.com. Henta 19. april 2020.
- ↑ «Singer's death prompts AIDS debate». BBC News (London). 5. mars 2000. Henta 24. februar 2010.
- ↑ «The double life of Ofra Haza». Haaretz.
- ↑ «Ofra Haza: Madonna of the dark soul». The Guardian (London). 9. desember 2010. Henta 15. desember 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Ofra Haza» frå Wikipedia på bokmål, den 28. august 2024.