Oddvar Hansen
Utsjånad
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 11. april 1921 | ||
Fødestad | Bergen | ||
Død | 31. mars 2011 | ||
Dødsstad | Bergen | ||
Høgd | 180 cm | ||
Posisjon | Back | ||
Nummer | 5 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1940 | SK Brann | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1940-1956 | SK Brann | 238 (38) | |
Landslag | |||
1948-1954 | Noreg | 19 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 18. april 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 18. april 2011 |
Oddvar Hansen (11. april 1921–31. mars 2011) var ein norsk fotballspelar og trenar for SK Brann.
Hansen voks opp i Bergen, og tok til å spela for SK Brann i 1940. Han vart verande hjå Brann i heile karrieren sin, og fekk til saman 238 kampar for klubben. I 1948 spelte han sin fyrste landskamp, og han var med på landslaget heilt til 1954. Mellom anna spelte han under Sommar-OL 1952.
Hansen overtok som trenar for Brann i 1955 etter George Ainsley. Han trente laget i tre periodar: 1955-57, 1960-63 og 1965-68. Frå 1960 - 63 leidde han klubben til seriegull både i Hovudserien 1962 samt gull i 1. divisjon herrefotball 1963. I tillegg sat Hansen i fleire periodar i styret til Brann.
Hansen vart også noregsmeister i bordtennis i 1947.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Oddvar Hansen» frå Wikipedia på bokmål, den 18. april 2011.