Odd
Utsjånad
Odd er eit namn som kan stå åleine som mannsnamn og som namnedel i både manns- og kvinnenamn. Namnedelen har norrønt opphav og kan tyda noko kvast, som ein pil- eller spydspiss.
Odd er eit mykje brukt namn i Noreg. I 2009 var det 23 245 som hadde Odd som første førenamnet, men berre 5 637 hadde det som einaste førenamn. Namnet var mest brukt på førstedelen av 1900-talet, med ein topp i 1920-åra. Då kunne opptil 2,5 % av nyfødde gutar få namnet årleg.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Orvar-Odd er namnet på ein norrøn sogehelt. Namnet tyder 'Pile-Odd' eller til og med 'Pilspiss'.
Namnesamansetjingar
[endre | endre wikiteksten]Mannsnamn | Kvinnenamn |
---|---|
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Odd Sverressøn Klingenberg (1871-1944), norsk jurist, stortingspolitikar og minister
- Odd Eidem (1913-1988), norsk forfattar og kritikar
- Odd Aukrust (1915-2008), norsk sosialøkonom
- Odd Abrahamsen (1924-2001), norsk diktar
- Odd Børretzen (f. 1926), norsk forfattar
- Odd Bakkerud (1931-1989), norsk hardingfelespelar
- Odd Børre Sørensen (f. 1939), norsk musikar og Eurovision-deltakar
- Odd Bondevik (f. 1941), norsk biskop
- Odd Einar Dørum (f. 1943), norsk politikar, partileiar og justisminister
- Odd Nerdrum (f. 1944), norsk kunstnar
- Odd Iversen (f. 1945), norsk fotballspelar
- Odd Karsten Tveit (f. 1945), norsk journalist
- Odd Aalen (f. 1947), norsk matematikar
- Odd Reitan (f. 1951), norsk forretningsmann
- Odd Nordhaug (f. 1953), norsk forfattar og økonomiprofessor
- Odd Einar Haugen (f. 1954), norsk forfattar og professor
- Odd Roger Enoksen (f. 1954), norsk politikar (Sp)
- Odd Eriksen (f. 1955), norsk politikar og nærings- og handelsminister
- Odd-Bjørn Hjelmeset (f. 1971), norsk langrennar
- Odd Nordstoga (f. 1972), norsk musikar
Merknad
[endre | endre wikiteksten]I nyare tid har menn som heiter Odd opplevd at engelsktalarar ser litt rart på dei, ettersom odd tyder rar eller underleg på engelsk.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Odd hjå Statistisk Sentralbyrå