Ocean Harbour
Ocean Harbour | |||
bukt | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Georgia | ||
- koordinatar | 54°20′S 36°16′W / 54.333°S 36.267°W | ||
Ocean Harbour 54°20′00″S 36°16′00″W / 54.3333°S 36.2667°W | |||
Historiske og moderne busetnader på Sør-Georgia med Ocean Harbour
| |||
Wikimedia Commons: Ocean Harbour, South Georgia |
Ocean Harbour er ei lang bukt på nordkysten av Sør-Georgia 2,5 km vest-nordvest for Tijuca point. Det låg ein aktiv kvalstasjon her mellom 1909–1920
Namna «New Fortune Bay» og «Neufortuna Bay», truleg etter den norsk-argentinske kvalbåten «Fortuna», som deltok under bygginga av den første permanente kvalstasjonen i Grytviken i Sør-Georgia i 1904-05, vart nytta om denne bukta i 1922 av Filchner under Den tyske antarktisekspedisjonen, 1911-12. Etter ei kartlegging av øya i 1951-52, rapporterte South Georgia Survey at bukta lokalt vart kalla Ocean Harbour, eit namn som kjem frå Ocean Whaling Co, som på denne tida hadde ein stasjon her.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Gamle selkokingskjeler står framleis ved bukta og det same gjer vraket av «Bayard», ein 1300 tonn, 67 meter lang båt med jernskrog frå 1864. Fartøyet låg fortøydd ved kjølestasjonen i 1911 då det sleit seg under eit uvêr. Ocean Harbour var staden der reinsdyr først vart sett ut på Sør-Georgia av den norske kvalfangaren Carl Anton Larsen og broren hans i november 1911.
Det ligg ein liten gravplass ved Ocean Harbour med åtte graver. Ei av desse er den eldste kjende grava på øya - grava til Frank Cabrial (1820) frå selfangstskuta «Francer Allen». Merket på grava er borte, men somme av dei andre gravene er framleis merkte.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ocean Harbour» (innhald frå Geographic Names Information System).