Obva
Utsjånad
Obva | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 6 720 km² | ||
Lengd | 247 km | ||
Middelvassføring | 95,7 m³/s | ||
Kjelde | Sivinskij rajon | ||
Munning | Kama | ||
Obva 58°41′48″N 53°45′54″E / 58.696666666667°N 53.765°E |
Obva (russisk Обва) er ei elv i Perm kraj i Russland og ei av sideelvane til Kama frå høgre i nedslagsfeltet til Volga. Ho spring ut frå skogane på Verhnekamskoj-åsane nordvest i Sivinskij rajon, nær grensa til Kirov oblast, og munnar ut i Kama, 780 km frå munningen hennar, i Kamareservoaret.
Obva er 247 km lang og har eit nedslagsfelt på 6720 km². Elva har eit fall på 191 meter og ei gjennomsnittleg helling på 0,5 meter per kilometer.
Dei største sideelvane hennar er Jazva og Nerdva frå venstre, og Siva, Bub og Lysva frå høgre.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Обва (река)» frå Wikipedia på russisk, den 17. oktober 2008.