Obdulio Varela
Obdulio Varela | |
Statsborgarskap | Uruguay |
Fødd | 20. september 1917 Montevideo |
Død | 2. august 1996 (78 år) Montevideo |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1954, VM i fotball 1950, Copa América 1942, Copa América 1945, Copa América 1946 |
Obdulio Jacinto Muiños Varela (20. september 1917–2. august 1996) var ein uruguayansk fotballspelar frå Montevideo. Han var ein av dei aller beste klassiske senterhalfane i verda, framifrå i forsvar og seig i kamp, kaptein på Uruguay sitt landslag som vann verdsmeisterskapen 1950 i Brasil. Grunna si mørke hud og evne til leiarskap gjekk Varela under tilnamnet «El Negro Jefe», den svarte sjefen.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Varela byrja spele i fyrste divisjon i Uruguay då han i 1938 melde overgang til Montevideo Wanderers. Fem år seinare gjekk han over til CA Peñarol, ein klubb han spelte på til han la opp i 1955. Med Peñarol vann han seks seriemeisterskap.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Varela fekk sin landslagsdebut i 1939 borte mot Peru i Lima. Tre år seinare var han med då Uruguay gjekk til topps i Copa America etter å ha vunne alle seks kampane mot dei seks andre deltakarlanda. Fram til og med verdsmeisterskapen i Sveits i 1954 spelte han 45 landskampar for Uruguay og skåra ni mål. Han vert særleg hugsa for den avgjerande kampen under VM i fotball 1950 mot vertslandet Brasil, ein kamp Uruguay måtte vinne om laget skulle ta VM-pokalen, for Brasil var det nok med eit uavgjort-resultat. Før kampen sa Varela til lagkameratane at dei måtte sjå på tribunane som tre, dei måtte einast bry seg om dei 11 spelarane til motstandarlaget. Etter Brasil tok leiinga 1-0 tidleg i den andre omgangen drygde han ut tida, slik at jubelen hadde lagt seg då dommaren fekk sett i gang kampen att. Uruguay byrja angripe og etter Juan Alberto Schiaffino utlikna vart brasilianarane nervøse. Ni minuttar før slutt skåra Alcides Ghiggia for Uruguay som dermed vann Jues Rimet-pokalen. Varela vart skadd under VM 1954 og var ikkje med då Uruguay tapte semifinalen mot Ungarn med 2-4 etter ekstraomgangar.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Verdsmeister: 1950 for Uruguay
- Vinnar av Copa América: 1942 for Uruguay
- Uruguayansk seriemeister: 1944, 1945, 1949, 1951, 1953 and 1954 med Peñarol
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Obdulio Varela» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juni 2018.