Nordisk råds litteraturpris
Nordisk råds litteraturpris blir gjeven til eit skjønnlitterært verk skrive på språket i eit av dei nordiske landa. Verket kan vere ein roman, eit drama, eller ei samling av dikt, noveller eller essay. Verket må fylla høge litterære og kunstnarlege krav. Prisen blei oppretta i 1962 og blir kvart år delt ut av Nordisk råd. Føremålet med prisen er å auke interessa for språket og litteraturen i grannelanda, og å fremje det nordiske kulturfellesskapet. Ved opprettinga var prissummen 50 000 danske kroner. Sidan 1995 har prisen vore på 350 000 danske kroner.
Nominasjonsprosessen
[endre | endre wikiteksten]Kvart av landa Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige har ein komité som kan nominere opptil to verk innan 1. desember kvart år. I tillegg kan det nominerast eitt verk kvar frå Færøyane, Åland, Grønland og det samiske språkområdet.
I utgangspunktet er det verk skrivne innan dei to siste åra som kan nominerast, men sidan verk skrivne på finsk, færøysk, grønlandsk, islandsk eller samisk må finnast i omsett utgåve på anten dansk, norsk eller svensk for å kunne vurderast, kan dei vere komne ut i løpet av dei fire siste åra.
Tildelingar
[endre | endre wikiteksten]Land og språkområde
[endre | endre wikiteksten]Frå starten vart det nominert opp til to verk kvar frå Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige. Frå og med 1985 vert det også nominert opp til eitt verk kvar frå Færøyane, Grønland og det samiske språkområdet når det er høvelege kandidatar. Det vart utvida til å gjelde Åland òg frå 2011. Færøyingen William Heinesen fekk likevel prisen allereie i 1965, men han var då nominert frå Danmark.
Nils-Aslak Valkeapää som fekk prisen i 1991, var nominert frå det samiske språkområdet, og Rói Patursson frå Færøyane fekk prisen i 1986. Som den første frå Grønland vann Niviaq Korneliussen prisen i 2021. Elles er alle tildelingane gått til forfattarar frå dei fem store landa, med seksten prisar til Sverige, tretten til Danmark, ti til Noreg, ti til Finland og åtte til Island.
Kjønnsfordeling
[endre | endre wikiteksten]Sara Lidman fekk prisen som fyrste kvinne i 1980, etter 18 strake tildelingar til mannlege forfattarar. Femten av dei femtini som har motteke prisen til og med 2019 er kvinner. Det gjev ei fordeling på 25 % prosent til kvinner og 75 % til menn, men om ein ser berre på dei siste tretti åra, så er tildelingane jamnare fordelte mellom kjønna.
Prisvinnarar
[endre | endre wikiteksten]År | Forfattar | Verk | Nominert frå | Språk |
---|---|---|---|---|
2022 | Solvej Balle | Om udregning af rumfang I, II og III[1] | Danmark | Dansk |
2021 | Niviaq Korneliussen | Naasuliardarpi (Blomsterdalen) | Grønland | Grønlandsk |
2020 | Monika Fagerholm | Vem dödade bambi? | Finland | Svensk |
2019 | Jonas Eika | Efter solen | Danmark | Dansk |
2018 | Auður Ava Ólafsdóttir | Ör | Island | Islandsk |
2017 | Kirsten Thorup | Erindring om kærligheden | Danmark | Dansk |
2016 | Katarina Frostenson | Sånger og formler | Sverige | Svensk |
2015 | Jon Fosse | Andvake-trilogien | Noreg | Norsk (nynorsk) |
2014 | Kjell Westö | Hägring 38 (Svik 1938) | Finland | Svensk |
2013 | Kim Leine | Profeterne i Evighedsfjorden | Danmark | Dansk |
2012 | Merethe Lindstrøm | Dager i stillhetens historie | Noreg | Norsk (bokmål) |
2011 | Gyrðir Elíasson | Milli trjánna | Island | Islandsk |
2010 | Sofi Oksanen | Puhdistus | Finland | Finsk |
2009 | Per Petterson | Jeg forbanner tidens elv | Noreg | Norsk (bokmål) |
2008 | Naja Marie Aidt | Bavian | Danmark | Dansk |
2007 | Sara Stridsberg | Drömfakulteten | Sverige | Svensk |
2006 | Göran Sonnevi | Oceanen | Sverige | Svensk |
2005 | Sjón (Sigurjón Birgir Sigurðsson) | Skugga-Baldur | Island | Islandsk |
2004 | Kari Hotakainen | Juoksuhaudantie | Finland | Finsk |
2003 | Eva Ström | Revbensstäderna | Sverige | Svensk |
2002 | Lars Saabye Christensen | Halvbroren | Noreg | Norsk (bokmål) |
2001 | Jan Kjærstad | Oppdageren | Noreg | Norsk (bokmål) |
2000 | Henrik Nordbrandt | Drømmebroer | Danmark | Dansk |
1999 | Pia Tafdrup | Dronningeporten | Danmark | Dansk |
1998 | Tua Forsström | Efter att ha tillbringat en natt bland hästar | Finland | Svensk |
1997 | Dorrit Willumsen | Bang. En roman om Herman Bang | Danmark | Dansk |
1996 | Øystein Lønn | Hva skal vi gjøre i dag og andre noveller | Noreg | Norsk (bokmål) |
1995 | Einar Már Guðmundsson | Englar alheimsins | Island | Islandsk |
1994 | Kerstin Ekman | Händelser vid vatten | Sverige | Svensk |
1993 | Peer Hultberg | Byen og Verden | Danmark | Dansk |
1992 | Fríða Á. Sigurðardóttir | Meðan nóttin liður | Island | Islandsk |
1991 | Nils-Aslak Valkeapää | Beaivi, áhčážan | Det samiske språkområdet | Nordsamisk |
1990 | Tomas Tranströmer | För levande och döda | Sverige | Svensk |
1989 | Dag Solstad | Roman 1987 | Noreg | Norsk (bokmål) |
1988 | Thor Vilhjálmsson | Grámosinn Glóir | Island | Islandsk |
1987 | Herbjørg Wassmo | Hudløs himmel | Noreg | Norsk (bokmål) |
1986 | Rói Patursson | Likasum | Færøyane | Færøysk |
1985 | Antti Tuuri | Pohjanmaa | Finland | Finsk |
1984 | Göran Tunström | Juloratoriet | Sverige | Svensk |
1983 | Peter Seeberg | Om fjorten dage | Danmark | Dansk |
1982 | Sven Delblanc | Samuels bok | Sverige | Svensk |
1981 | Snorri Hjartarson | Hauströkkrið yfir mér | Island | Islandsk |
1980 | Sara Lidman | Vredens barn | Sverige | Svensk |
1979 | Ivar Lo-Johansson | Pubertet | Sverige | Svensk |
1978 | Kjartan Fløgstad | Dalen Portland | Noreg | Norsk (nynorsk) |
1977 | Bo Carpelan | I de mörka rummen, i de ljusa | Finland | Svensk |
1976 | Ólafur Jóhann Sigurðsson | Að laufferjum og Að brunnum | Island | Islandsk |
1975 | Hannu Salama | Siinä näkijä missä tekijä | Finland | Finsk |
1974 | Villy Sørensen | Uden mål - og med | Danmark | Dansk |
1973 | Veijo Meri | Kersantin poika | Finland | Finsk |
1972 | Karl Vennberg | Sju ord på tunnelbanan | Sverige | Svensk |
1971 | Thorkild Hansen | Slavernes øer | Danmark | Dansk |
1970 | Klaus Rifbjerg | Anna, jeg, Anna | Danmark | Dansk |
1969 | Per Olov Enquist | Legionärerna | Sverige | Svensk |
1968 | Per Olof Sundman | Ingenjör Andrées luftfärd | Sverige | Svensk |
1967 | Johan Borgen | Nye noveller | Noreg | Norsk (bokmål) |
1966 | Gunnar Ekelöf | Diwán över Fursten av Emgión | Sverige | Svensk |
1965 | William Heinesen | Deld pris:Det gode Håb | Danmark | Dansk |
1965 | Olof Lagercrantz | Deld pris:Från Helvetet till Paradiset | Sverige | Svensk |
1964 | Tarjei Vesaas | Is-slottet | Noreg | Norsk (nynorsk) |
1963 | Väinö Linna | Täällä Pohjantähden alla III | Finland | Finsk |
1962 | Eyvind Johnson | Hans nådes tid | Sverige | Svensk |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Solvej Balle vant Nordisk råds litteraturpris 2022». www.norden.org (på norsk bokmål). Henta 1. november 2022.