Hopp til innhald

Nordhausen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordhausen

Nordhausen er ein by og ein kommune i landkrinsen med same namn i delstaten Thüringen i Tyskland. Kommunen har ei flatevidd på 108,2 km² og i kring 42 000 ibuarar. Byen ligg på sørsida av Harz, 208 meter over havet.

Under 2. verdskrigen bygde Hitler-Tyskland her våpenfabrikken Mittelwerk, der V2-raketten vart produsert. I byrjinga av april 1945 bomba det britiske flyvåpenet byen. Om lag tre firedelar av byen vart øydelagt og 8 800 personar drepne.

I Tyskland er Nordhausen elles kjent for produksjon av brennevin.

Friidrettsutøvaren Volker Beck er frå Nordhausen.