Hopp til innhald

Nordgulfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordgulfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Kart
Nordgulfjorden
60°59′27″N 5°10′26″E / 60.99092694°N 5.17387389°E / 60.99092694; 5.17387389

Nordgulfjorden er ein fjordarm av Gulafjorden i Gulen kommune på sørsida av Sognefjorden. Han har ei lengd på 4 km og strekkjer seg frå sør til nord.

Fjorden har innløp mellom Øskjeneset i aust og Bøneset i vest. To nes stikk ut i fjorden frå austsida, Mjåneset i sør og Skarpeneset lenger nord. Ved Skarpeneset er fjorden berre 50-60 meter brei. Nord for Skarpeneset vert fjorden kalla Nordgulvågen og her ligg bygda Nordgulen.

Riksveg 57 går langs austsida av fjorden, medan fylkesveg 605 går på vestsida.

Sør for Øskjeneset ligg innløpet til Austgulfjorden.