Noralf
Utsjånad
Noralf og Noralv er norske mannsnamn som har namnedag den 29. oktober.
Namna er sett saman av Nor-, som kan minna om Noreg, og -alf eller alv, namneledd av norrønt opphav. Noralf kan vera danna etter mønster av namn som Nora og Toralf.
Namnet har truleg oppstått i Noreg like før 1900. I folketeljinga frå 1900 var det registrert 18 brukarar av namna Noralf eller Noralv, dei fleste under fem år. I 2009 var det 201 norske menn som heitte Noralf og 45 som heitte Noralv.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Noralv Veggeland (f. 1941), norsk akademikar
- Noralf Ronthi (f. 1967), norsk musikar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Noralf hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet