Hopp til innhald

Njagan

Koordinatar: 62°08′00″N 65°23′00″E / 62.13333°N 65.38333°E / 62.13333; 65.38333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Njagan
Нягань
Horisonten til Njagan
Horisonten til Njagan
Byåpenet til Njagan
Byvåpenet til Njagan


Plassering
Njagan is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Khanty-Mansia
Grunnlagd
Bystatus
1965
1985
Borgarmeister Aleksander Rysjenkov
Geografi
Flatevidd
 - By

814 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

56 142
  69 /km²
Koordinatar 62°08′00″N 65°23′00″E / 62.13333°N 65.38333°E / 62.13333; 65.38333
Høgd over havet 40 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC 5)
YEKST (UTC 6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 628180–628195
Retningsnummer (tlf) ( 7)34672
Nettstad: www.admin.nyagan.ru

Njagan (russisk Нягань) er ein by nordvest i Khanty-Mansia i Russland med om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg 40&nb;km vest for elva Ob og rundt 230 km nordvest for Khanty-Mansiysk.

Bynamnet kjem frå elva Njagan-Jugan, ei sideelv til Ob.

Njagan er av dei yngste byane i Vest-Sibir. Han vart grunnlagt i 1965 som eit senter for skogsdrift og heitte opphavleg Njakh (Нях). Namnet vart endra til Njagan 15. august 1985, samstundes med at busetnaden fekk bystatus.

Byen er i dag primært eit senter for petroleum- og naturgassindustrien.

Njagan ligg i eit flatt og myrlendt område og regionen er kjent for brå temperaturfall.

Jernbanen frå Jekaterinburg til Ob-regionen vart opna gjennom Njagan 2. april 1967. Njagan lufthamn, 10 km aust for byen, opna i 1993.

I 2000 vart det opna eit regionalt museum i Njagan.

Kjende personer frå Njagan

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]