Nina Kennedy
Nina Kennedy | |
Statsborgarskap | Australia |
Fødd | 5. april 1997 (27 år) Perth |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Samveldeleikane 2018, Friidrett under Sommar-OL 2020 – Stavsprang kvinner |
Nina Kennedy (fødd 5. april 1997) er ein australsk friidrettsutøvar som i 2023 vart verdsmeister i stavhopp under VM i friidrett 2023 i Budapest, då ho og Katie Moon frå USA vart samde om å dele fyrsteplassen.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Våren 2021 sette Kennedy personleg rekord med 4,82 meter, men ho var langt unna å kvalifisere seg til OL-finalen i Tokyo. Eitt år seinare vann ho bronsemedaljen i stav-tevlinga med eit hopp på 4,80 m då VM i friidrett 2022 vart avvikla i Eugene. Under verdsmeisterskapen i Budapest i august 2023 gjekk ho og Katie Moon over 4,90 meter i tredje forsøk, begge hadde i tillegg eit riv på lågare høgder. Etter både Kennedy og Moon hadde rive tre gongar på 4,95 m, vart dei samde om å avslutte tevlinga og sikra seg slik kvar si gullmedalje. Sju dagar etter VM-finalen, 30. august 2023, forbetra Kennedy sin australske rekord til 4,91 meter då ho sigra i eit DL-stemne i Zürich.
Kennedy tok gull under sommar-OL 2024 i Paris.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Women's Pole Vault Final Results» (på engelsk). International Olympic Committee. Henta 8. august 2024.
- World Athletics
- Denne artikkelen bygger på «Nina Kennedy» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2023.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1997
- Australske stavhopparar
- Verdsmeistrar i friidrett for Australia
- Olympiske meistrar for Australia
- Australske deltakarar under sommar-OL 2020
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2024
- Australske deltakarar under sommar-OL 2024
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024
- Deltakarar under VM i friidrett 2022
- Deltakarar under VM i friidrett 2023