Nils Lofgren
Nils Lofgren | |||
Nils Lofgren på Ronnie Scotts, 1997 | |||
Fødd | 21. juni 1951 Chicago i Illinois i USA (73 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Chicago | ||
Fødenamn | Nils Hilmer Lofgren | ||
Alias | Lefty, Crazy Horse | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1965 til i dag | ||
Sjanger | Rock, bluesrock, klassisk | ||
Instrument | Gitar, keyboard, trekkspel | ||
Tilknytte artistar | Bruce Springsteen, Neil Young, Crazy Horse, Ringo Starr & His All-Starr Band, Patti Scialfa, Grin | ||
Plateselskap | A&M, Columbia, MCA, Rykodisc, Capitol, Vision Music, Pure Records | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, idrettsmann |
Nils Hilmer Lofgren (fødd 21. juni 1951 i Chicago i Illinois) er ein amerikansk rockeartistar og låtskrivar. Han er kjend både som soloartist og som medlem av Bruce Springsteen sitt E Street Band, samt tidlegare medlem av Crazy Horse og Grin. Han hadde svensk far og italiensk mor.
Det første instrumentet til Lofgren var trekkspel i ein alder av fem. Lofgren vart profesjonell musikar i 1970 då han 18 år gammal vart med på innspelinga av albumet After the Gold Rush for Neil Young, der han spelar piano. Lofgren fortsette å ha nær musikalsk kontakt med Young, og deltok på albumet Tonight's the Night og var med på fleire turnear. Han var med i gruppa Grin i åra 1969-1973 som han starta med bassist Bob Gordon, og trommeslagar Bob Berberich. Seinare vart òg Tommy Lofgren med i Grin. I 1972 var han ein kort tur innom Crazy Horse før han starta solokarrieren sin i 1975.
Han byrja i E Street Band i 1984 der han først erstatta Steve Van Zandt. Ved sidan av engasjementet i E Street Band spelar han med sitt eige Nils Lofgren Band.
Diskografi med Grin
[endre | endre wikiteksten]- 1971: Grin (Epic)
- 1972: 1 1 (Spindizzy)
- 1973: All Out (Epic)
- 1973: Gone Crazy (A&M)
Diskografi som soloartist
[endre | endre wikiteksten]- 1975: Nils Lofgren (A&M)
- 1975: Back It Up!! (Live) (A&M)
- 1976: Cry Tough (A&M)
- 1977: I Came to Dance (A&M)
- 1978: Night After Night (A&M)
- 1979: Nils (A&M)
- 1981: Night Fades Away (Backstreet/MCA)
- 1981: Best of Nils Lofgren (A&M)
- 1983: Wonderland (Backstreet/MCA)
- 1985: Flip (CBS)
- 1986: Code Of The Road, Live '85, berre Europa og Japan (A&M)
- 1991: Silver Lining (Rykodisc)
- 1992: Crooked Line (Rykodisc)
- 1993: Every Breath, filmmusikk (Stampede)
- 1993: Live On The Test, berre Storbritannia (Windsong)
- 1995: Damaged Goods(Pure)
- 1997: Acoustic Live (Vision)
- 1998: New Lives BBC, berre Storbritannia (HUX)
- 2001: Bootleg, 1975, Live (Vision)
- 2001: Breakaway Angel, (Vision)
- 2003: Nils Lofgren Band Live (Vision)
- 2006: Sacred Weapon (Vision)
- 2008: The Loner – Nils Sings Neil (Vision)
- 2011: Old School
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nils Lofgren» frå Wikipedia på bokmål, den 26. oktober 2010.