Nikšić
Nikšić | ||
---|---|---|
Utsyn over Nikšić | ||
| ||
Styresmakter | ||
Land |
Montenegro | |
Grunnlagd | 300-talet | |
Borgarmeister | Marko Kovačević | |
Geografi | ||
Flatevidd | 2 065 km² | |
Innbyggjarar[1] - By (2023) |
66 725 | |
Koordinatar | 42°46′N 18°56′E / 42.767°N 18.933°E | |
Høgd over havet | 647 m | |
Tidssone | CET (UTC 1) | |
Diverse anna | ||
Postnummer | 81400 | |
Telefon-retningsnummer | 82 | |
Bilnummer | NK | |
Heimeside: niksic.me | ||
Plassering | ||
Nikšić (kyrillisk Никшић) er ein by og ein kommune i Montenegro med opp mot 60 000 innbyggjarar. Han ligg på Nikšićsletta ved foten av Trebjesa i Sentralregionen. Byen er den nest største i landet etter Podgorica og er eit viktig senter for industri, kultur og utdanning. Han er senteret i Nikšić kommune, som er den største kommunen i landet ut frå areal. Ved folketeljinga i 2023 hadde kommunen 66 725 innbyggjarar etter dei førebels resultata.[1]
Byen vart grunnlagd på 300-talet under namnet Onogost eller Anagastum då romarane bygde ei festning på staden. Byen vart øydelagd og gjenoppbygd fleire gonger gjennom tidene. Etter kvart voks byen utanfor festningsmurane, men utviklinga av byen var lenge knytt til festninga. Det osmanske riket erobra heile området på 1400-talet og vart først frigjeve i 1877. Byen vart hardt råka av den andre verdskrigen, men vart raskt bygd opp att.
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]I 2011 hadde kommunen 72 443 innbyggjarar.[2] Dei største busetnadene i kommunen var:
Folketal 2011[2] | |
---|---|
Nikšić | 56 970 |
Ozrinići | 2 057 |
Rastovac | 1 535 |
Miločani | 1 006 |
Kuta | 846 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nikšić» frå Wikipedia på engelsk, og «Nikšić» frå Wikipedia på dansk den 7. februar 2008.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Preliminarni rezultati Popisa stanovništva, domaćinstava i stanova u 2023. godini (Førebels resultat av folketeljinga 2023 – hushald og bustader)». Monstat. 2023. Henta 11. september 2024.
- ↑ 2,0 2,1 «POPIS 2011 - podaci (Folketeljing 2011 – data)». Monstat. 2011. Henta 11. september 2024.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell side Arkivert 2007-02-14 ved Wayback Machine.
- Visit-Montenegro.com Arkivert 2007-02-06 ved Wayback Machine.
- Photo-Montenegro.com[daud lenkje]