Niamey
Utsjånad
Niamey | ||
---|---|---|
Niamey | ||
Styresmakter | ||
Land | Niger | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2012) |
1 026 848[1] | |
Koordinatar | 13°31′17″N 02°06′19″E / 13.52139°N 2.10528°E | |
Høgd over havet | 207 m | |
Tidssone | UTC 01:00 (UTC) | |
Plassering | ||
Niamey er hovudstaden i Niger og ligg ved breidda av elva Niger. Byen hadde i 2002 eit innbyggjartal på 708 000 og er ein administrasjonsby og eit handelssentrum for eit jordbruksdistrikt. Han har ei elvehamn, næringsmiddel-, møbel- og tekstilindustri og garveri. Her er òg ein større marknad, nasjonalmuseum, ein større moské, eit universitet frå 1971 og ei internasjonal lufthamn.
Niamey vart til som ein fransk militærpost i 1903.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Niamey» av redaksjonen i Store norske leksikon, snl.no.