Neubrandenburg
Neubrandenburg | |
---|---|
Bymuren i Neubrandenburg | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Mecklenburg-Vorpommern Ingen Kreisfri by |
Grunnlagd | 1248 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
85,65 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
67 517 788/km² |
Koordinatar | 53°33′0″N 13°16′0″E / 53.55000°N 13.26667°E |
Høgd over havet | 20 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC 1) CEST (UTC 2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 17033, 17034, 17036 |
Telefon-retningsnummer | 0395 |
Bilnummer | NB |
Heimeside: www.neubrandenburg.de |
Neubrandenburg er ein by i Tyskland i delstaten Mecklenburg-Vorpommern med om lag 70 000 innbyggjarar. Byen ligg søraust i delstaten ved innsjøen Tollensesee.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dei første innbyggjarane på staden var premonstratenmunkar i eit kloster ved breidda av innsjøen (om lag 1240). Sjølve byen Neubrandenburg vart grunnlagd i 1248 då markgreven av Brandenburg valde å byggje ein by i dei nordlege delane av lenet sitt. I 1292 vart byen og det omliggande området ein del av Mecklenburg.
Byen blømde som eit handelssentrum fram til trettiårskrigen (1618–1648). Den svenske hæren til Gustav Adolf omleira og tok byen, som vart teke tilbake av den katolske ligaen i 1631. Det finst mange rapportar som seier at dei katolske styrkane tok livet av mange svenske og skotske soldatar etter dei overgav seg. Seinare, i følgje den skotske lykkeriddaren Robert Munro, skal svenskane ha gjort det same då dei utan nåde tok livet av overlevande med ropet «Neubrandenburg!». Byen spelte derfor ei rolle i å brutalisere ein av historia sine allereie mest brutale krigar.
Under den andre verdskrigen låg det ein stor krigsfangeleir kalla Stalag II-A nær byen. I 1945, få dagar før slutten av krigen, øydela ein storbrann 80 % av gamlebyen. Sidan den gong har dei fleste viktige historiske bygningane vorte bygd opp att.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Neubrandenburg frå Engelsk Wikipedia .