Hopp til innhald

National Aviation Hall of Fame

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

National Aviation Hall of Fame er eit æresgalleri for luftfart som er tilknytt National Museum of the United States Air Force ved Wright-Patterson Air Force Base i Dayton i Ohio.

Æresgalleriet skal heidra personar som har gjort ein innsats for amerikansk luftfart. Sidan den første innveljingar i 1962 har ein heidra over 200 personar her. Æresgalleriet er ope for publikum.

To av dei innvalde i galleriet, Bernt Balchen (1973) og Carl Bein Eielson (1985), er av norsk avstamning.


Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]