Nancy
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå namnet Nancy.
Nancy | ||
---|---|---|
| ||
Styresmakter | ||
Land Region Departement |
Frankrike Lorraine Meurthe-et-Moselle | |
Grunnlagd | Rundt 1050 | |
Geografi | ||
Flatevidd | 15,01 km² | |
Flatevidd - By |
15,01 km² | |
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik - Storbyområde |
105 400 6 902/km² 410 509 (1999) | |
Koordinatar | 48°41′36″N 06°11′04″E / 48.69333°N 6.18444°E | |
Høgd over havet | 212 m | |
Tidssone | CET (UTC 1) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: www.nancy.fr |
Nancy (tysk dialekt Nanzig; luxembourgsk Nanzeg) er ein by nordaust i Frankrike og prefecture (hovudstad) i departementet Meurthe-et-Moselle i regionen Lorraine.
Byen har i overkant av 100 000 innbyggjarar, men i 1999 hadde storbyområdet etter ei folketeljing 410 509 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dei tidlegaste spora etter busetnadar i området går tilbake til 800 fvt. Her var lett tilgang til jernmalm og ein vadestad i elva Meurthe, noko som sannsynlegvis var årsaka til at folk busette seg her. Ein liten festningsby kalla Nanciacum (Nancy) vart bygd av hertug Gérard rundt 1050.
Nancy vart plyndra av keisar Frederik II av Det tysk-romerske riket på 1200-talet, og vart så bygd opp att i stein dei neste hundreåra då han vart ein viktigare by som hovudstad i Hertugdøme Lorraine. Karl den modige leid nederlag og var drepen i Slaget ved Nancy i 1477.
Då hertug Stanislas døydde i 1766, vart hertugdømet ein fransk provins og Nancy haldt fram med å vere hovudstaden. Då regionen Lorraine vart oppretta på midten av 1900-talet vart Metz vald som hovudstad i staden for Nancy.
Attraksjonar
[endre | endre wikiteksten]Place Stanislas, Place de la Carrière og Place d'Alliance vart lagt til UNESCO si verdsarvliste i 1983.