Namnet Tone
Utsjånad
Tone er eit personnamn og slektsnamn. Førenamnet er brukt som kvinnenamn i norsk samanheng og som mannsnamn i nokre andre. Tone har namnedag i Noreg den 13. juni.
Kvinnenamnet er avleidd av det norrøne namnet Þorný (Torny som er danna av Þórr (Tor) og nýr, 'ny'. Mannsnamnet kan vera ei kortform av Anton og Anthony på språk som slovensk og engelsk.
Namnet er kjend som Tone i Noreg frå 1400-talet, og tidlegare som Þonny, Þonne eller Þone. Det var blant dei mest brukte namna for nyfødde jenter i frå rundt 1955 til rundt 1975.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]Kvinner
[endre | endre wikiteksten]- Tone Danielsen (f. 1946), norsk skodespelar
- Tone Kjærnli (f. 1954), norsk forfattar
- Tone Jensen (f. 1955), norsk redaktør
- Tone Hulbækmo (f. 1957), norsk artist
- Tone Tvedt Nybø (f. 1957), ordførar i Randaberg
- Tone Sønsterud (f. 1959), norsk politikar (Ap)
- Tone Hødnebø (f. 1962), norsk forfattar
- Tone Nyhagen (f. 1963), norsk verdsmeister i dansing
- Tone Finnesen (f. 1973), norsk sametingspolitikar
- Tone Damli Aaberge (f. 1988), norsk songar
Menn
[endre | endre wikiteksten]- Tone Loc (f. 1966), opphavleg Anthony Terrell Smith, USA-amerikansk hiphopartist
Slektsnamn
[endre | endre wikiteksten]- Wolfe Tone (1763–1798), irsk nasjonalist
- Franchot Tone (1905–1968), USA-amerikansk skodespelar
Liknande namn
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tone (navn)» frå Wikipedia på bokmål, den 10. juni 2009.