Naftali Temu
Naftali Temu | |
Naftali Temu i 1968 | |
Statsborgarskap | Kenya |
Fødd | 20. april 1945 Nyamira fylke |
Død | |
Yrke | maratonløpar, langdistanseløpar, friidrettsutøvar |
Språk | engelsk |
Høgd | 174 centimeter |
Naftali Temu på Commons |
Naftali Temu (20. april 1945–10. mars 2003) var ein kenyansk langdistanseløpar som i 1968 vart den fyrste olympiske meisteren frå landet sitt.
Temu tok i 1965 sølvmedaljen på 5 000 meter under dei aller fyrste panafrikanske leikane, landsmannen Kipchoge Keino vann løpet. Året etter, under Samveldeleikane 1966 i Kingston i Jamaica, slo Temu verdsrekordhaldaren Ron Clarke og sigra i 6-miles-løpet.
I 10 000-meterløpet under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen var det einast etiopiaren Mamo Wolde som makta halde same tempo som Temu, men femti meter før mål avgjorde Temu løpet til sin fordel med ein kjapp spurt. Vinnartida 29.27,4 var heilt nøyaktig eitt minutt bak hans personbeste på distansen, Wolde fekk 29.27,7. Fire dagar seinare sprang Temu inn til bronse på 5000 meter. Til sist i leikane deltok han også i maratonløpet, og enda på 19. plass.
Temu sette sine endelege personlege rekordar på mila og halvmila i 1971-sesongen; høvesvis 28.21,8 og 13.36,6. Han vart slått ut i forsøket på 10 000 meter då sommarleikane 1972 fann stad i München.
Temu, som var frå Nyanza-provinsen i det vestlege Kenya, vart tildelt ein farm av presidenten i landet og busette der. Han døydde av prostatkreft på eit sjukehus i Nairobi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Naftali Temu» frå Wikipedia på engelsk, den 3. august 2015.
- Einskildmenn
- Fødde i 1945
- Døde i 2003
- Kenyanske langdistanseløparar
- Olympiske meistrar for Kenya
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Kenya
- Kenyanske deltakarar under sommar-OL 1964
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1968
- Kenyanske deltakarar under sommar-OL 1968
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968
- Kenyanske deltakarar under sommar-OL 1972
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972