Nafta
Utsjånad
Nafta, white spirit, er ei gruppe av flytande hydrokarbon som opptrer som mellomprodukt ved raffinering med kokepunkt frå 70 til 140 ℃,[1] som kan koma frå råolje eller frå kol og andre kjelder.
Nafta blir brukt som halvfabrikat for å produsera ein høgoktan bensinkomponent ved bruk av den katalytiske reformingsprosessen. Nafta blir òg brukt i petrokjemisk industri for å produsera olefin i krakkerar og i kjemisk industri for løysemiddel, til reingjeringsføremål.
Nafta blir også brukt som nemning på eit anna stoff, dietyleter.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nafta» frå Wikipedia på bokmål, den 8. november 2022.