Næringsemne
Utsjånad
(Omdirigert frå Næringsstoff)
Næringsemne eller næringsstoff er emne som bidreg til stoffskiftet, veksten eller funksjonen til ein organisme, som tek det til seg. Næringsemne kan delast inn i seks kategoriar som anten tilfører energi til organismen eller hjelper han på andre vis.
Emne som gjev energi
[endre | endre wikiteksten]- Karbohydrat er emne som er laga av sukkereiningar. Dei blir inndelte etter talet på sukkereiningar: Monosakkarid (som glukose og fruktose), disakkarid (som sukrose og laktose), oligosakkarid, og polysakkarid (som stive, glykogen og cellulose).
- Protein er organiske sambindingar laga av aminosyrer som er bunde saman av peptidbindingar. Proteina blir brotne ned i kroppen til frie aminosyrer som kan brukast til å laga nye protein.
- Feitt er laga av eitt glyserinmolekyl som er bunde til tre feittsyrekjeder. Dette emnet er nødvendig for at cellene skal fungera, som isolerande materiale og for vedlikehald av hud og hår.
Emne som hjelper metabolismen
[endre | endre wikiteksten]- Mineral er typisk sporstoff, salt eller ion som kopar og jern. Desse minerala trengst i stoffskiftet.
- Vitamin er organiske sambindingar som er livsviktige for kroppen. Dei verkar ofte som koenzym for ulike protein.
- Vatn er eit livsviktig næringsemne som er direkte involvert i svært mange kjemiske reaksjonar i organismane.