Muzio Clementi
Muzio Clementi | |||
Muzio Clementi | |||
Fødd | 24. januar 1752 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Roma | ||
Død | 10. mars 1832 (80 år) | ||
Dødsstad | Evesham i Worcestershire i England | ||
Opphav | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Periode | Klassisismen | ||
Sjanger | Klavermusikk | ||
Instrument | Piano | ||
Verka som | Komponist | ||
Mor | Magdalena Kaiser | ||
Far | Nicolo Clementi | ||
Gift med | Emma Gisborne, Caroline Lehmann | ||
Born | Carl Clementi, John Muzio Clementi, Vincent Clementi, Ceceilia Susanna Clementi, Caroline Emma Clementi |
Muzio Clementi (24. januar 1752–10. mars 1832) var ein italiensk komponist, pianist og musikkpedagog under klassisismen. Han er rekna som ein av grunnlegjarane av moderne klaverspel, og den første til å skrive spesielt tilpassa pianomusikk.[1] Clementi var også pianoprodusent og notegutgjevar.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Muzio Filippo Vincenzo Francesco Saverio Clementi vart fødd i Roma, men verka hovudsakleg i England. Han var ei tid dirigent for den italienske operaen i London. Han er best kjend for samlingane av pianostudiar, Gradus ad Parnassum, som Claude Debussy sin komposisjon Doctor Gradus ad Parnassum (første sats i suiten Children's Corner) er ein referanse til.[2] Clementi skreiv eit sekstitals klaversonater som påverka utviklinga av denne sjangeren.[1] an skreiv også vokal og kammermusikk og fleire symfoniar.[2]
Muzio Clementi døydde i Evesham i England, 80 år gammal. Han er gravlagd i Westminster Abbey i London.[2]
Omdøme
[endre | endre wikiteksten]Clementi var mykje omtykt i samtida, ofte meir kjend enn samtidige Wolfgang Amadeus Mozart og nesten like velkjent som Joseph Haydn og Ludwig van Beethoven, men blei meir gløymt på 1800- og 1900-talet.[2]
I 1781 tok Clementi del i ei pianotevling mot Mozart framfor keisar Josef II i Wien.[2] Mozart la ikkje skjul på at han mislikte Clementi sterkt, noko som har fått nokon til å kalle dei «erkerivalar». Dette gir neppe eit korrekt bilete; Clementi sjølv skal ikkje ha gjengjeldt Mozarts mishagsytringar.
Pianisten Vladimir Horowitz var svært glad i Clementi sin musikk, og samanlikna den med Ludwig van Beethoven sine beste verk. Horowitz sine innspelingar av musikken til Clementi førte til auka interesse for Clementi, og til ei gjenreising av ryet hans som ein viktig komponist.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Muzio Clementi (2009, 14. februar) i Store norske leksikon. Henta 4. august 2013.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 William H. Youngren, Finished Symphonies, The Atlantic Monthly, May 1996
- Delar av denne artikkelen bygger på «Muzio Clementi» frå Wikipedia på bokmål, den 9. januar 2008.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- www.MuzioClementi.com (engelsk) Arkivert 2008-06-07 ved Wayback Machine.
- Muzio Clementi Society
- www.wolfmusic-publications.com/index.html Arkivert 2010-07-25 ved Wayback Machine.
- Muzio Clementi-biografi av Tel Asiado på mozartforum.com
- Fritt tilgjengelege notar av Muzio Clementi ved International Music Score Library Project (IMSLP)