Hopp til innhald

Muscle Shoals Sound Studio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Muscle Shoals Sound Studio
bygning
Det originale studioet i 3614 Jackson Highway i Sheffield
Land  USA
Stad 3614 Jackson Hwy. i Sheffield i Alabama
 - koordinatar 34°46′4″N 87°40′26″W / 34.76778°N 87.67389°W / 34.76778; -87.67389
Kart
Muscle Shoals Sound Studio
34°46′04″N 87°40′26″W / 34.767778°N 87.673889°W / 34.767778; -87.673889
Wikimedia Commons: Muscle Shoals Sound Studio
Nettstad: muscleshoalssoundstudio.org

Muscle Shoals Sound Studio i 3614 Jackson Highway i Sheffield i Alabama vart skipa i 1969 av fire studiomusikarar kalla The Muscle Shoals Rhythm Section (med kallenamnet The Swampers)[1] som hadde slutta i studiobandet til Rick Hall frå det nærliggande FAME Studios i Muscle Shoals for å skipe sitt eige platestudio. Desse fire var Barry Beckett (klaverinstrument), Roger Hawkins (trommer), Jimmy Johnson (gitar) og David Hood (bass). Gruppa la ned studioet i Jackson Highway i 1979 og flytta det til 1000 Alabama Avenue. Det gamle studioet har sidan stått i National Register of Historic Places sidan juni 2006.[2] Det vart delvis restaurert tidleg i 2000-åra og vart seld til Muscle Shoals Music Foundation i 2013. Denne gruppa restaurerte bygget fullstendig og opna det på ny i januar 2017.[3] Studioet i Alabama Avenue vart lagt ned i 2005 då det vart seld til eit plateselskap.[4]

Artistar som har spelt inn musikk i Muscle Shoals Sound Studio er mellom andre The Rolling Stones, Aretha Franklin, Wilson Pickett, Willie Nelson, Lynyrd Skynyrd, Joe Cocker, Levon Helm, Paul Simon, Bob Seger, Rod Stewart, Tamiko Jones og Cat Stevens. Det sjette albumet til Cher vart kalla 3614 Jackson Highway (1969) og vart det uformelle namnet på studioet i 1969.

Utvalde innspelingar

[endre | endre wikiteksten]
Album eller song Artist Dato Amerikansk popliste[5] Notes
3614 Jackson Highway Cher 1969
Boz Scaggs Boz Scaggs 1969 med Duane Allman på gitar (Loan Me a Dime)
«Take a Letter, Maria» R.B. Greaves 19. august 1969 #2
Muscle Shoals Nitty Gritty Herbie Mann (utgjeve 1970)
«Brown Sugar» Rolling Stones 2.-4. desember 1969 (utgjeve 1971) #1
«Wild Horses» Rolling Stones 2.-4. desember 1969 (utgjeve 1971) #28
«I'll Take You There» Staple Singers 1972 #1
«Kodachrome» Paul Simon 1973 #2
«Loves Me Like a Rock» Paul Simon 1973 #2
One More River to Cross Canned Heat 1973
Atlantic Crossing Rod Stewart 1974–1975 (utgjeve 1975)
Breakaway Art Garfunkel 1975
«Katmandu» Bob Seger 1975 #43
No Reservations Blackfoot 1975
«Touch Me Baby (Reaching Out for Your Love)» Tamiko Jones 1975
Flyin' High Blackfoot 1976
«Night Moves» Bob Seger 1976 #8
«Mainstreet» Bob Seger 1976 #24 (i 1977)
Izitso Cat Stevens 1976 #7 (i 1977)
«Torn Between Two Lovers» Mary MacGregor 1976 #1 (i 1977)
Street Survivors Lynyrd Skynyrd 1977
«Old Time Rock and Roll» Bob Seger 1978 #28 (i 1979)
Skynyrd's First: The Complete Muscle Shoals Album Lynyrd Skynyrd 1971–1972 (utgjeve 1978)
«Gotta Serve Somebody» Bob Dylan 1979 #24 Grammyvinnar i 1980
Pleasure and Pain Dr. Hook 1978 #66
Sharing The Night Together Dr. Hook 1978 #6
When You're In Love With A Beautiful Woman Dr. Hook 1979 #6
Sometimes You Win Dr. Hook 1979 #71
Better Love Next Time Dr. Hook 1979 #12
Sexy Eyes Dr. Hook 1980 #5
Take What You Find Helen Reddy 1979 (utgjeve 1980)
Valotte Julian Lennon 1984 #9
Brothers Black Keys 2009 (utgjeve 2010) Grammyvinnar 2011
  1. «Alabama Music Hall of Fame: Muscle Shoals Rhythm Section». www.alamhof.org. Arkivert frå originalen 15. august 2016. Henta 2. desember 2018. 
  2. James Baughn; et al. (2017). «Muscle Shoals Sound Studio - Also known as: 3614 Jackson Highway». Landmark Hunter. Landmark Hunter. Henta 2. desember 2018. «Reference number06000437» 
  3. Jay Reeves, The Associated Press (3. januar 2017). «Fabled Muscle Shoals Sound Studio named top Alabama tourist attraction of 2017». National Post (Toronto, Canada). Henta 2. desember 2018. 
  4. «Cypress Moon Studio Historic Site». Sweet Home Alabama. Alabama Travel. 2017. Henta 2. desember 2018. 
  5. Whitburn, Joel (1992). The Billboard Book of Top 40 Hits. Billboard Books. ISBN 978-0823082803.