Mosebøkene
Utsjånad
Mosebøkene er den eldste delen av Bibelen. Dei er den første av tre delar av den hebraiske Bibelen og utgjer dei fem første bøkene i Det gamle testamentet. Dei blir òg kalla pentateuken (den femfaldige boka) og på hebraisk Torá (תּוֹרָה, «Lova» eller «Læra»). Dei utgjer grunnlaget for jødisk religiøs lov.
Dei fem bøkene med deira hebraiske, greske og latinske namn er:
Norsk namn | Hebraisk namn | Gresk namn | Latinsk namn |
---|---|---|---|
Fyrste Mosebok | בְּרֵאשִׁית (Bərēšīt, I byrjinga) | Γένεσις (Genesis, Opphavet) | Genesis |
Andre Mosebok | שְׁמוֹת (šəmōt, Namna) | Ἔξοδος (Exodos. Utgangen) | Exodus |
Tredje Mosebok | וַיִּקְרָא (vajjiqrā, Og kalla) | Λευιτικόν (Leuitikon, Om levittane) | Leviticus |
Fjerde Mosebok | בַּמִּדְבָּר (Bammidbār, I øydemarka) | Ἀριθμοί (Arithmoi, Tala) | Numeri |
Femte Mosebok | דְּבָרִים (Dəbārīm, Orda) | Δευτερονομίου (Deuteronomiou, Opptakingslova) | Deuteronomium |
Mosebøkene på ulike språk | ||