Monster
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Monster (fleirtyding).
Monster eller monstrum (frå latin monere, 'varsle', tyder eigentleg 'varsel, jartegn') viser til ulike vanskapningar og uhyre[1] kjende frå folketru, mytologi og dikting. Ordet kan også visa til noko som er særs stort. Det finst ei rekkje fabeldyr som er rekna som monster. Mange av dei er ikkje-menneskelege, anten forma som dyr eller blandingar av desse, medan andre kan ha menneskelege trekk. Monster kan òg ha heilt nye former eller unormal farge, storleik, tal på lemmer eller organ og liknande.
Monster opptrer ofte i mytologi, segner og eventyr som noko ein helt må overvinna eller lura. I folketru og -dikting kan dei brukast til å skremma, til dømes som ei slags oppseding av born. Moderne skrekkfiksjon har fornya og dikta opp nye monster som har som hovudføremål å skapa uhygge eller redsle. Til motsats finst det også døme på verk der monster er blitt gjort snille og søte, som i animasjonsfilmen Monsterbedriften.
Nemningane «monster» og «uhyre» er også blitt brukte om personar som har utført særs grove brotsverk, eller om store eller uhyrlege ting, som monsterbølgje, monstertruck eller «monstermaster».[2]
Monster frå ulike tradisjonar
[endre | endre wikiteksten]Oldtida i Mesopotamia, Midtausten og Egypt
[endre | endre wikiteksten]- Demonar, farlege andevesen
- Griff, løve- og ørneskapning
- Lotan (Leviathan i Bibelen)
- Sfinks, menneske- og løveskapning
- Tiamat, babylonsk drake
Antikke
[endre | endre wikiteksten]- Argos, kjempe med hundre auge
- Basilisk, eit slangemonster
- Gorgonane, kvinner med ormehår
- Kentaur, mann- og hesteskapning
- Kerberos, vakthund i dødsriket
- Kimære, fabeldyr med geitekropp, løvehovud og slangehale
- Kyklop, einauga kjempar
- Minotauros, mann- og okseskapning
- Hydra, sjøuhyre med ni hovud
- Skylla og Karybdis, kjende frå Odysseen
- Varulv
Nordisk mytologi
[endre | endre wikiteksten]Europeisk mellomalder
[endre | endre wikiteksten]Asiatiske monster
[endre | endre wikiteksten]- Asura, indisk demon
- Djinn, arabisk demon
- Ghoul, arabisk gravstadsdemon
- Naga, indiske slangemonster
- Yōkai, japanske spøkjelsemonster
Barnemonster
[endre | endre wikiteksten]Skrekksjangeren og science-fiction
[endre | endre wikiteksten]Vass- og sjøuhyre
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «monster» i Nynorskordboka.
- ↑ Krossli, Jan Inge (11. august 2010), «Monstermast-kampen», www.kommunal-rapport.no (på norsk), henta 1. desember 2023