Mischabel
Utsjånad
Mischabelhörner | |||
Mischabel | |||
Fjellkjede | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | Valais | ||
Del av | Wallis-Alpane | ||
Høgaste punkt | Dom | ||
• høgd | 4 545 moh. | ||
- koordinatar | 46°05′42″N 7°51′36″E / 46.09500°N 7.86000°E | ||
Mischabel 46°05′37″N 7°51′33″E / 46.093611111111°N 7.8591666666667°E | |||
Kart over Mischabel
| |||
Wikimedia Commons: Mischabel Group |
Mischabelhörner eller berre Mischabel er eit fjellmassiv med tre toppar mellom Saastal og Nikolaital (Mattertal) i Wallis-Alpane i Sveits. Massivet er særleg godt synbart frå Saas-Fee. Dalbreen Hohberggletscher ligg i Mischabel.
Mischabel består av fjelltoppane:
- Dom, 4 545 meter over havet;
- Täschhorn, 4 491 moh, sør for hovudtoppen Dom
- Lenzspitze, 4 294 moh, nord for Dom
Opphavet til namnet Mischabel er ukjent.
Mischabelmassivet i utvida forstand er ei undergruppe av Wallis-Alpane og omfattar fleire bitoppar på egga Nadelgrat som går ut frå hovudmassivet i nordvestleg retning:
- Nadelhorn, 4 328 moh
- Stecknadelhorn, 4 241 moh
- Hohberghorn, 4 219 moh
- Dürrenhorn, 4 034 moh
Allalingruppa, som strekker seg sørover frå hovudmassivet, inneheld fleire toppar over 4000 meter som i bland blir rekna til Mischabelgruppa:
- Alphubel, 4 206 moh, hovudtoppen
- Allalinhorn, 4 027 moh
- Rimpfischhorn, 4 198 moh, hovudtoppen
- Strahlhorn, 4 190 moh, hovudtoppen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mischabel» frå Wikipedia på tysk, den 3. januar 2012.