Hopp til innhald

Milano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Milano
by
Katedralen i Milano («Duomo di Milano»).
Foto: Steffen Schmitz
Flagg
Våpenskjold
Land  Italia
Region Lombardia
Provins Milano
Del av Milan metropolitan area
Høgd 120 m
Areal 181,67 km²
Folketal 1 354 196 (1. januar 2023)[1]
Grunnlagd Om lag 600 fvt.
Postnummer 20100, 20121–20162
Retningsnummer 02
Kart
Milano
45°28′01″N 9°11′24″E / 45.466944444444°N 9.19°E / 45.466944444444; 9.19
Wikimedia Commons: Milan

Milano (it. Milano [miˈlano], lokal lombardisk dialekt (milanesisk): Milan [miˈlɑ̃ː], som òg vert nytta på fleire andre språk) er ein by i Nord-Italia og hovudstad i både regionen Lombardia og provinsen Milano. Kommunen har 1,3 millionar innbyggjarar, medan det samanhengande byområdet har nesten 3,9 mill. Storbyområdet rundt Milano har 7,4 millionar innbyggjarar, det meste i Italia.

Milano vert rekna som ein av motehovudstadane i verda.[2] Byen er kjend for dei mange motehusa og butikkane (som langs via Montenapoleone) og Galleria Vittorio Emanuele i Piazza Duomo (som ein hevdar er det eldste kjøpesenteret i verda). Byen var vertsby for Verdsutstillinga i 1906 og har søkt om å få vere vertskap i 2015.

Elva Olona renn gjennom Milano.

Ein går ut frå at Milano vart grunnlagt av keltarane i Nord-Italia omkring år 600 fvt., og rundt 222 fvt. underlagt romarane, som gav byen namnet Mediolanum. I det fjerde hundreåret etter vår tidsrekning var byen hovudstad i Vest-Romarriket ei kort tid.

Etter den austgotiske og lombardiske perioden fekk byen på nytt betydning i det 11. hundreåret og leidde uavhengigheitskampen til dei nord-italienske byane mot det tysk-romerske riket. Milano var ein av få byar i Europa som ikkje vart ramma av Svartedauen. I renessansen vart Milano styrt av dei rike familiane Visconti og Sforza, som hadde kunstnarar som Leonardo da Vinci og Donato Bramante i teneste for seg. Etter å ha forsøkt å leggje under seg resten av Nord-Italia i det 15. hundreåret, vart Milano erobra av Frankrike, og deretter av Spania, i tidleg i det 16. hundreåret. På 1700-talet kom Milano under Austerrike.

Napoleon erobra byen i 1796, og gjorde Milano til hovudstad for Den cisalpinske republikken. Etter Napoleon sitt nederlag, gav Wienerkongressen i 1815 Milano og heile Lombardia igjen til Austerrike. Den austerrikske feltmarskalken Radetzky slo kraftig ned femdagarsopprøret i 1848.

Etter Austerrike sitt nederlag mot Sardinia-Piemonte og Frankrike sine styrkar ved Slaget ved Solferino, hamna Lombardia og Milano huset Sardinia-Piemonte under Viktor Emmanuel II i 1859.

Etter første verdskrigen vart Fasci di combattimento (Squadristi) («fascistane») grunnlagt i Milano i 1919. I 1922 la Benito Mussolini ut frå Milano på marsjen sin mot Roma.

Under andre verdskrigen vart Milano sterkt øydelagt av alliert bombing. Byen er derfor i dag svært moderne og framstår som lite italiensk i utsjånaden.

Milano er heimbyen til to store fotballag, AC Milan og Inter Milan.

Byen er hovudkvarter for fleire større motebedrifter.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://demo.istat.it/?l=it.
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 30. juni 2007, henta 28. desember 2007 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Milano