Michael Lebowitz
Michael Lebowitz | |||
Fødd | 27. november 1937 Newark | ||
---|---|---|---|
Død | 19. april 2023 | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Yrke | handelsskulekandidat, faglitterær forfattar, samfunnsøkonom, universitetslærar | ||
Institusjonar | Simon Fraser University | ||
Alma mater | University of Wisconsin–Madison | ||
Ektefelle | Marta Harnecker |
Michael Lebowitz (27. november 1937–19. april 2023) er ein amerikansk marxistisk økonom og forfattar. Han er fødd og oppvaksen i Sambandsstatane. Etter å ha studert i heimlandet fekk han ei undervisningsstilling ved Simon Fraser University i Vancouver i Canada, der han i dag er professor emeritus. Han var tidlegare medlem av det sosialdemokratiske partiet New Democratic Party, og sat m.a. ein periodei partileiinga før han melde seg ut på grunn av det einsidige fokuset dei hadde på parlamentarisk arbeid. Dei siste åra har Lebowitz budd i Venezuela, der han er ein aktiv deltakar i den bolivariske revolusjonen.
Det mest kjende verket til Lebowitz er Beyond Capital, som kom ut i 1992. Ei ny utgåva av boka kom ut i 2003, denne utgåva fekk han prisen Isaac and Tamara Deutscher Memorial Prize for i 2004. I 2006 kom boka Socialism: Build it now. Denne boka kom i 2007 ut i ei norsk utgåva under tittelen Sosialisme skapes ikke i himmelen.
Michael Lebowitz er far til forfattaren Rachel Lebowitz.