Michael Kraus
Michael Kraus | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 28. september 1983 (41 år) Göppingen |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 2008 |
Utmerkingar | Silbernes Lorbeerblatt |
Michael Kraus (fødd 28. september 1983) er ein tysk tidlegare handballspelar frå Göppingen. Han vart verdsmeister 2007 med Tyskland og vann EHF-meisterligaen 2013 for HSV Hamburg. Kraus var midtre rykkromspelar.
Kraus spelte på Frisch Auf Göppingen i to periodar, fyrst 2002-07 og seinare 2013-16. I mellomtida gjorde han teneste 2007-10 i TBV Lemgo og 2010-13 i HSV Hamburg. Med Lemgo var han med om å vinne EHF-pokalen 2010 og med Hamburg vart han toppskårar då det vart triumf i EHF-meisterligaen 2013. I sin andre periode med laget i heimbyen Göppingen vann han i 2016 sin andre EHF-pokal. Åra frå 2016 til han steig av i 2020 spelte han tre sesongar i 1898 Stuttgart og ein i BBM Bietigheim.
Kraus var tysk landslagsspelar frå 2005. Under Handball-VM 2007 bidrog han mykje til at Tyskland vann meisterskapen, sjølv fekk han den eine av tyskarar som fekk plass på All Star Team. Farm til 2015 deltok han i 128 landskampar og skåra 401 mål.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Michael Kraus» (på engelsk). Olympedia.
- Denne artikkelen bygger på «Michael Kraus (Handballspieler)» frå Wikipedia på tysk, den 21. oktober 2022.