Mi'ilya
Mi'ilya | |||
מִעִלְיָא, معليا, Malia | |||
lokal kommune | |||
|
|||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 33°1′30.57″N 35°15′34.41″E / 33.0251583°N 35.2595583°E | ||
Areal | 1,37 km² | ||
Folketal | 2 800 (2009)[1] | ||
Folketettleik | 2 044 / km² | ||
Grunnlagd | Før 1160[2] | ||
• Bystatus | 1957 | ||
Mi'ilya 33°01′31″N 35°15′34″E / 33.025158333333°N 35.259558333333°E | |||
Kart som viser Mi'ilya.
| |||
Wikimedia Commons: Mi'ilya |
Mi'ilya (arabisk معليا, hebraisk מִעִלְיָא) er ein arabisk lokal kommune vest i Galilea i Nord distrikt i Israel. Namnet i tida under kongedømet Jerusalem i Galilea var Castellum Regis.[2] Alle innbyggjarane er kristne. Mi'ilya ligg like nordvest for byen Ma'alot-Tarshiha.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Tidleg historie
[endre | endre wikiteksten]Arkeologiske utgravingar i Mi'ilya indikerer at staden har vore busett sidan seint i bronsealderen og jernalderen, i tillegg til hellenistisk, romersk, bysantinsk, krossfarar, mamelukkane og osmansk tid.[3]
Mellomalderen
[endre | endre wikiteksten]Kongeborga
[endre | endre wikiteksten]Kongeborga i Mi'ilya er datert til minst 1160, då kong Balduin III av Jerusalem gav ho til ein Johannes frå Haifa og arvingane hans. I 1182 gav Balduin IV henne til onkelen Jocelyn III. På denne tida vart ho kalla «Den nye borga i Akkofjella». I 1187 fall borga til Saladin. Seinare, tidleg på 1200, gjekk ho over til Den tyske riddarordenen, men på denne tida var Montfortborga langt viktigare.[4]
Den arabiske geografen Al-Dimashqi skreiv om den «fine borga», og den behagelege dalen i nærleiken, der det voks store pærer og sitronar.[5]
Osmansk tid
[endre | endre wikiteksten]I 1596 var Mi'ilya oppført i osmanske skattelister som ein del av Akka nahiya i Safad liwa. Han hadde eit folketal på 15 muslimske og to kristne hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, oliven og geiter eller bikubar.[6]
I 1881 vart Mi'ilya skildra som ein stor og velbygd landsby i stein, med 450 kristne innbyggjarar, omgjeve av oliven og dyrkbar mark.[7]
Mandatperioden
[endre | endre wikiteksten]Under folketeljinga i Palestina i 1931, hadde Mi'ilya 138 busette hus og eit folketal på 553 kristne, 25 muslimar og ein drusar.[8] I 1945 hadde dette auka til 790 kristne og 110 muslimar.[9]
Staten Israel
[endre | endre wikiteksten]Tidleg i 1948 leid landsbyen av matmangel og trakassering frå kringliggande jødiske område. Han vart erobra av det israelske forsvaret under Operasjon Hiram i slutten av oktober. Etter ein kort kamp flykta dei fleste innbyggjarane til landsbygda. Dagen etter lét den lokale israelske kommandanten dei få lov å kome heim att til heimane sine. Dette var eit av få tilfelle der innbyggjarane fekk lov til å kome attende til landsbyen dei hadde forlate.[10] I januar 1949 vart landsbybuarane frå Mi'ilya drivne ut og til Jenin. Dei klaga over at dei vart rana av israelske soldatar medan dei vart deporterte. Departementet for minoritetssaker rapporterte at 25 innbyggjarar vart forviste i mars etter mistanke om å ha gjeve informasjon til fienden.[11] Mi'ilya fekk status som lokal kommune i 1957. Den arabiske folkesetnaden vart verande under unntakstilstand fram til 1966.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mi'ilya» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 1. oktober 2014.
- ↑ 2,0 2,1 Ellenblum, 2003, s. 41.
- ↑ Porat, 2009, Mi‘ilya, the Church Square Preliminary Report Arkivert 2012-02-22 ved Wayback Machine.
- ↑ Pringle, 1998, s. 30
- ↑ leStrange, 1890, s.495
- ↑ Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977), Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century, Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft, s. 194
- ↑ Conder and Kitchener, 1881, s.149
- ↑ E. Mills, red. (1932), Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas, Jerusalem: Government of Palestina, s. 102
- ↑ Government of Palestina, Village Statistics 1945.
- ↑ Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s. 228
- ↑ Morris. s.352
- Abu-‘Uqsa, Hanaa (2005): Mi‘ilya Final Report Arkivert 2012-02-22 ved Wayback Machine. Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 117.
- Conder, Claude Reignier og H.H. Kitchener (1881): The Survey of Western Palestine: memoirs of the topography, orography, hydrography, and archeology. London: Committee of the Palestine Exploration Fund. vol 1
- Ellenblum, Ronnie (2003), Frankish Rural Settlement in the Latin kingdom of Jerusalem, Cambridge University Press, ISBN 9780521521871
- leStrange, Guy (1890), Palestine Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500, Committee of the Palestine Exploration Fund, London,
- Porat, Leea (2009): Mi‘ilya, the Church Square Preliminary Report Arkivert 2012-02-22 ved Wayback Machine. Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 121.
- Pringle, Denys (1998), The Churches of the Crusader Kingdom of Jerusalem: A Corpus, Cambridge University Press, ISBN 0-521-39037-0
- Smithline, Howard (2008): Mi‘iliya Final Report Arkivert 2012-02-22 ved Wayback Machine. Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 120.