Mersea Island
Mersea Island | |
---|---|
Mersea Island sett frå lufta, ligg litt til høgre for midten av bilete. | |
Geografi | |
Stad | Themsen-estuaret |
Koordinatar | 51°47′45″N 0°56′24″E / 51.79570°N 0.94°E
|
Areal | 18 km²
|
Administrasjon | |
Land | England |
Grevskap | Essex |
Største busetnad | West Mersea
|
Demografi | |
Folketal | 11000 |
Folketettleik | 611 /km² |
Mersea Island (tidlegare Mersey Island) er den austlegaste busette øya i Storbritannia, og ligg like utanfor kysten av Essex i England, 14 km søraust fro Colchester. Ho ligg i estuaret til elvane Blackwater og Colne og har eit areal på kring 18 km².[1] Namnet 'Mersea' kjem frå det gammalengelske meresig som tyder «øya i sjøen».
Øya har kring 11 000 innbyggjarar. Ho er landfast via ei vegfylling, kalla The Strood. Vegen vert vanlegvis lagt under vatn når det er springflo. Øya ligg nær Ray Island. Det er to busetnader på øya, den vesle byen West Mersea og landsbyen East Mersea, og ei lita grend ved Barrow Hill nord for West Mersea.
Hovudnæringa på Mersea er jordbruk, fiske (mellom anna østers) og industri knytt til båtliv.[2] Øya har sine eigne aviser, Newsround og Mersea Island Courier.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mersea Island» frå Wikipedia på engelsk, den 26. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tyler, Sue (September 2009), West Mersea: Seaside Heritage Project, Essex County Council, arkivert frå originalen 25. april 2012
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Largest Islands of the United Kingdom». Users.erols.com. Arkivert frå originalen 22. mai 2011. Henta 26. januar 2010.
- ↑ Tyler 2009, s. 3.