Hopp til innhald

Melanitta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Melanitta
Knoppsjøorre fotografert på Island Foto: Ómar Runólfsson
Knoppsjøorre fotografert på Island
Foto: Ómar Runólfsson
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anatinae
Slekt: Melanitta
F. Boie, 1822

Melanitta (engelsk scoters) er ei biologisk slekt av tettvaksne dukkender. Fjørdrakta åt andrikene er hovudsakleg svart og har oppsvulma nebbrot. Hoene er brune.

Dei hekkar i lengst nord i Europa, Asia og Nord-Amerika, og overvintrar lengre sør i tempererte soner av desse kontinenta. Dei dannar store, tette flokkar i eigna kystfarvatn, og fuglane har ein tendens til å ta av saman når dei startar ei flyging.

Det fôra reiret deira er lagd på bakken i nærleiken av sjøen, vatn eller elver, i skog eller på tundra. Desse artane dukkar etter krepsdyr og blautdyr.

Melanitta i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.14 frå august 2019[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

  • Brilleand, Melanitta perspicillata, Surf Scoter, Linné, 1758, (LC)
  • Sjøorre, Melanitta fusca, Velvet Scoter, Linné, 1758, (VU)
  • Knoppsjøorre,[3] Melanitta deglandi, White-winged Scoter, Bonaparte , 1850, (LC)
  • manglar norsk namn, Melanitta stejnegeri, Stejneger's Scoter, Ridgeway, 1887, (LC)
  • Svartand, Melanitta nigra, Common Scoter, Linné, 1758, (LC)
  • Amerikasvartand, Melanitta americana, Black Scoter, Swainson, 1832, (NT)
Referansar
  1. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 18. august 2019 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  3. Namn frå Syvertsen 2014

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]