Mecklenburg
Mecklenburg | |||
territorium | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Mecklenburg 53°50′14″N 11°28′16″E / 53.837222222222°N 11.471111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Mecklenburg |
Mecklenburg er eit gammalt riksterritorium i det nordlege Tyskland, med si eiga historie og kultur, som i dag utgjer den vestlege delen av delstaten Mecklenburg-Vorpommern.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Mecklenburg grensar i vest til Schleswig-Holstein og Niedersachsen, i sør til Brandenburg og i aust til Vorpommern. Naturlege grenser utgjer Austersjøen i nord, Elbe i sørvest og dei tre elvane Recknitz, Trebel og Pene i aust.
Dei største byane i Mecklenburg er Rostock, Schwerin, Neubrandenburg og Wismar. Mecklenburg er forholdsvis tynt folkesett. Dei viktigaste næringane er landbruk, turisme og to universitet. Industrien er avgrensa til einskilde skipsverft i Rostock og Wismar. Det har gode kulturelle og økonomiske samband til naboane i Austersjøområdet. Det er ferjesamband til Danmark, Sverige, Finland, Litauen og Russland.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Namnet Mecklenburg (Mikelenburg) opptrer første gongen i kjelder frå året 995. Det var då ei slavisk borg i det noverande Dorf Mecklenburg ved Wismar, og tydde «store borga». Namnet vart i den følgjande tida brukt av den slaviske fyrsteslekta som herska i området.
Frå 1352 var det eit hertugdømme under namnet Mecklenburg-Schwerin innanfor Det tysk-romerske riket.
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]I Mecklenburg ligg Universität Rostock (grunnlagt 1419), det eldste universitetet i Nord-Europa. Dessutan finst det i Rostock ein høgskule for musikk og teater.
Språk
[endre | endre wikiteksten]Mecklenburgs språk blir kalla Mecklenburger Platt, og er ein austnedertysk dialekt. Det blir likevel brukt hovudsakleg høgtysk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mecklenburg» frå Wikipedia på bokmål, den 18. desember 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Die Mecklenburg, der Orter der dei Land seinen Namen gab. Ulrike Sommar, Kai Homilius Verlag, Berlin 1996, ISBN 3-931121-14-3, (Leseprøve Arkivert 2005-03-08 ved Wayback Machine.)