Maysan guvernement
Maysan | |||
ميسان | |||
guvernement | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 31°54′N 47°2′E / 31.900°N 47.033°E | ||
Hovudstad | Amarah | ||
Areal | 16 070 km² | ||
Folketal | 922 890 (2009)[1] | ||
Maysan guvernement 31°54′00″N 47°02′00″E / 31.9°N 47.033333333333°E | |||
Kart som viser Maysan guvernement.
| |||
Wikimedia Commons: Maysan Governorate |
Maysan guvernement (arabisk محافظة ميسان, romanisert Muḥāfaẓat Maysān) er eit guvernement søraust i Irak, ved grensa til Iran. Det administrative senteret er byen Amarah. Før 1976 hadde det heitt Amara guvernement.
Andre språk
[endre | endre wikiteksten]Regionen vart kalla Messène (gammalgresk Μεσσήνη) av dei gamle grekarane (Strabon), Mays̲h̲an på gammalsyrisk, Mēs̲h̲ān på mellompersisk og partisk (𐭌𐭉𐭔𐭍, Myšn), Mēs̲h̲un på armensk, Maysān (ميسان) på arabisk og T’iao-tche i Han-kjelder.[2]
Dei fleste innbyggjarane er sjia-arabarar. I sør ligg mange av Dei mesopotamiske sumpene, og området har tradisjonelt vore heimstad til mange sumparabarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Aleksander den store grunnla byen Kharax Spasinu i 324 fvt. i denne regionen. Byen vart seinare hovudstad i Kharakene. Byen finst som ruinar i Naysan.
Området leid stort under den iransk-irakiske krigen og var då ei stor slagmark, og igjen under det irakiske opprøret i 1991.
Distrikt
[endre | endre wikiteksten]- Ali Al-Gharbi (علي_الغربي)
- Amara (العمارة)
- Al-Kahla (الكحلاء)
- Al-Maimouna (الميمونة)
- Al-Mejar Al-Kabi (المجر الكبير)
- Qal'at Saleh (قلعة صالح)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Maysan Governorate» frå Wikipedia på engelsk, den 8. november 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: