Maurtåka
Maurtåka (òg kjend som Mz 3, kort for Menzel 3) er ei planetarisk tåka som ligg rundt 3000 lysår unna jorda i stjernebiletet Vinkelhaken.[1]
Det er ikkje kjend korfor tåka har forma den har, men ho kan vera eit resultat av at den kvite dvergen som er opphavet til tåka kan ha ei kompanjongstjerna i ein tett bane som kan forma korleis gassen strøymer ut. Eit anna alternativ er at stjerna sitt magnetfelt og sin rotasjon sender gassen ut i bestemte retningar.[2]
Ingen planetariske tåker observerte av Hubble-teleskopet liknar mykje på Maurtåka. Sommarfugltåka, M2-9, liknar noko, men farten til gassen i tåka ut frå stjerna er likevel opptil ti gongar større i maurtåka.[2] Forma på gassen som strøymer ut frå den unge og tunge stjerna Eta Carinae liknar òg noko.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Fast Facts» - korte fakta om Maurtåka på éi av dei to offiselle heimesidene til Hubble-teleskopet.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «The Ant Nebula (Menzel 3): Fiery Lobes Protrude From Dying, Sun-like Star» - biletteksten til Hubble-biletet éi av dei to offiselle heimesidene til teleskopet.