Matorraltapakulo
Matorraltapakulo | |
Matorraltapakulo Foto: Andres Cuervo
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Matorraltapakulo | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Tapakuloar Rhinocryptidae |
Slekt: | Scytalopus |
Art: | Matorraltapakulo S. griseicollis |
Vitskapleg namn | |
Scytalopus griseicollis |
Matorraltapakulo (Scytalopus griseicollis) er ein fugl i tapakulofamilien. Han er endemisk for Colombia med kjent utbreiing avgrensa til eit lite område ved Bogota og nordaust for byen.[1]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Dette er ein nokså liten tapakulo som varierer mellom ca. 10 og 11,5 centimeter i kroppslengd, med kroppsvekt på ca. 16 til 19 gram. Matorraltapakuloar skil seg lite frå andre artar i slekta Scytalopus. Kroppsforma er typisk for familen; rund kropp med kraftige bein langt bak på kroppen og ein spinkel oppeikande stjert. Fjørdrakta til vaksne fuglar er grå på oversida, undersida er lysare grå, vengene gråbrune og halen heilt brun. Bakkroppen er orangefarga og utan striper. Det finst to variantar av matorraltapakulo, ei mørk form er litt større enn andre fuglar. Matorraltapakuloar lever i våt til halvtørr krattskog, frå 2000 til 3900 moh.[2]
Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som livskraftig.[1]
Taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Som fleire andre takson i Scytalopus, er Scytalopus griseicollis i endring. Den mørke forma som tidlegare var anerkjent som underarten S. g. infasciatus, er etter Clementslista 2015 ein del av nominatforma, samstundes som ein annan underart vart definert.[3][note 1]
Om tapakuloar generelt
[endre | endre wikiteksten]Tapakuloar lever i tett vegetasjon på eller nær bakkenivå og finst hovudsakleg i fjellområda i utbreiingsområdet sitt. Dei kan vere særs krevjande å observere ettersom dei spring i underskogen på ein musaktig måte. Artane er terrestriske, har korte venger og fuglane har derfor dårlege flygeevner. Dei har kraftige bein, godt egna til livet på grassletter og i underskog. Stjerten er oppreist. Dei vert enklast oppdaga og identifisert med hjelp av kjenneteikn i songen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Krabbe, N.K. & Schulenberg, T.S. (2003). Pale-bellied Tapaculo (Scytalopus griseicollis) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 5. september 2015
- BirdLife International (2015) Species factsheet: Scytalopus griseicollis. Henta frå http://www.birdlife.org den 5. september 2015
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 BirdLife International (2015)
- ↑ Krabbe et al, 2003
- ↑ Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; D. Roberson (august 2015), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.10 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. september 2015
- Notar
- ↑ Etter Clementslista versjon 6.10 frå august 2015