Martin Engeset
Martin Engeset | |||
| |||
Fødd | 20. juli 1964 (60 år) Oslo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Handelshøyskolen BI | ||
Alle verv |
|
Martin Engeset (fødd 20. juli 1964) er ein norsk Høgre-politikar frå Oslo. Han var innvald på Stortinget frå Østfold 2001–2009, og var 2. vararepresentant 1985–1989, og dessutan 1. vararepresentant 1993–1997.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Engeset har bakgrunn frå siviløkonomistudiar ved Bedriftsøkonomisk Institutt, men leverte aldri diplomoppgåva, og arbeidde som revisjonsmedarbeider 1988–1995. Frå 1995 til 2001 hadde han eit deltidsengasjement som sekretariatsleiar for Noregs Råvaregjenvinningsforening (NR).
På Østfold Høgres årsmøte 22. november 2008 vart det klårt at Engeset tapte kampen mot Ingjerd Schou, sosialminister i Kjell Magne Bondeviks andre regjering, med 28 mot 29 stemmar. Engeset gjorde det då klårt at han ikkje ynskte å stilla på andreplassen, og annonserte samstundes at han med dette trekte seg frå rikspolitikken etter valet i 2009. Han vart vald som leiar av kontrollutvalet i Sarpsborg kommune i 2007.
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2005–2009 medlem i Arbeids- og sosialkomiteen
- 2001–2005 varamedlem i Valkomiteen
- 2001–2005 1. nestleiar i Kontroll- og konstitusjonskomiteen
- 2001–2005 varamedlem i Den utvida utenrikskomiteen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Martin Engeset» frå Wikipedia på bokmål, den 18. desember 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Martin Engeset hos Høgre. Arkivert 1. januar 2008 ved Wayback Machine.