Marthinius Skøien
Marthinius Skøien | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1849 |
Død | |
Yrke | fotograf |
Marthinius Skøien på Commons |
Marthinius Skøien (1849–3. mars 1916) var ein norsk fotograf.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Skøien var fødd på Gran på Hadeland. Han reiste tidleg til Christiania for å læra om fotografering. Han fotograferte i Christiania med skiftande adresser og var òg ofte i Lofthus i Hardanger. I 1896 kjøpte han ein eigedom ved Adamstuen i Ullevålsveien og kalla staden for «Skøienlund». På Skøienlund bygde han eit stort atelier og her utførte han alt fremkallingsarbeidet sjølv.
Skøien fekk premiar på utstillingar i inn- og utland. Han fotograferte ein serie landskapsbilete på minst 234 motiv som vart selde gjennom bokhandlar og var berekna på turistar. Skøien var den fyrste som anla eit lystrykkeri i Noreg. Han må ha fotografert vekselsvis i Christiania og Lofthus, det finst daterte bilete frå Lofthus frå 1883. Han overtok òg B. Schrøder sine plater frå Lofthus. I 1971 vart platene redda av Josef Lutro, som fann dem hos den skomakeren Skøien hadde losjert hos, og fekk dei plassert i Hardanger Folkemuseum i Utne. Den yngste dottera, Joron Margaretha, vart buande på Adamstuen som gift. Ho tok hand om alt utstyret og glasplatene til Skøien. I 1955 gav ho platene til Riksantikvaren og sjølve fotoutstyret til Norsk Folkemuseum. Marthinius Skøien er òg representert i biletsamlinga ved Norsk Maritimt Museum og Nasjonalbiblioteket.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Norangsdalen fotografert av Skøien 1880-1910.
-
Eltunfos Øie. Valders.
-
Foten av en isbre [Buerbreen, Hardanger]
-
Fra Borgund Sogn.
-
Oslo havn. Bispevika med Nylands mek. verksted.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Marthinius Skøien» frå Wikipedia på bokmål, den 8. oktober 2018.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Bonga, Susanne: Eldre norske fotografar, 1980
- Erlandsen, Roger: «Pas no paa! No tek eg frå holet!», 2000, ISBN 82-91780-02-1
- Hamrar, Trond B.: Landskapsfotograf Marthinius Skøien, Årbok for Valdres, 1986
- Larsen, Peter og Sigrid Lien: Norsk fotohistorie, 2007
- Meyer, Robert: Den glemte tradisjonen. Utstillingskatalog, Oslo Kunstnerforening, 1989