Markus kyrkje
Markus kyrkje | |||
kyrkje | |||
Fasaden mot Ullevålsveien
Foto: Helge Høifødt | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Oslo | ||
Kommune | Oslo | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Oslo | ||
Prosti | Oslo domprosti | ||
Sokn | Sentrum St. Hanshaugen | ||
Fellesråd | Oslo | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Sverre Knudsen | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Tegl | ||
Innvigd | 1. april 1927 | ||
Klokker | 2, Olsen Nauen | ||
Kyrkjegard | Nei | ||
Preikestol | Teikna av arkitekten | ||
Døypefont | Teikna av arkitekten | ||
Altartavle | Enevold Thømt (Oppstoda) | ||
Orgel | J.H. Jørgensen, 1927 (rest. 1991) | ||
Sitjeplassar | 520 | ||
Markus kyrkje 59°55′26″N 10°44′21″E / 59.92386111°N 10.73924306°E | |||
Wikimedia Commons: Markus kirke, Oslo |
Markus kyrkje i Oslo vart innvigd i 1927. Kyrkja er ei treskipa langkyrkje med fasadar i slemma (pussa) teglstein, bygd på ein fjellknaus mellom Ullevålsveien og Schwensens gate i nærleiken av parken St. Hanshaugen. Mot Ullevålsveien inngår kyrkja i den ubrotne rekka med bustads- og forretningsbygningar langsetter gata, medan det mot Schwensens gate er eit ope areal framføre som gjev kyrkja eit meir frittliggjande og høgtideleg preg.
Houvdinngangen til kyrkja er frå Schwensens gate, der det er inngang til kyrkjerommet på plan med terrenget framføre kyrkja. Hovudinngangen, som er ramma inn av granittstein, er plassert i det åttekanta låge hovudtårnet i to høgder, med tårnhjelm og spir dekte med koparplater. Kyrkja har dessutan ein ekstra inngang rett inn frå fortauet langsetter Ullevålsveien i etasjen under kyrkjerommet, og innvendig trapp opp.
Hovudfasaden på kyrkja er soleis orientert mot Schwensens gate, ikkje Ullevålsveien, sjølv om det er frå Ullevålsveien kyrkja markerar seg i bybiletet, og inngangen frå denne gata er framheva med steininnramming og innskrifter. Mot Ullevålsveien er det òg eit tårn med kyrkjeklokker og eit ur, og dette har likeeins tårnhjelm og spir dekt med koparplater.
I februar 2013 vedtok bispedømmerådet at fem sokn i Oslo sentrum og nordover skulle samlast, og at Markus kyrkje ikkje lengre skulle nyttast til vanlege gudstenester[1] Markus kyrkje er såleis avvikla som kyrkje innanfor Den norske kyrkja, og siste gudstenesta vart halde 25. august 2013. Oslo kommune har deretter leigd ut bygningen til ein kyrkjelyd som ikkje høyrer inn under Den norske kyrkja.
Det er ikkje gravplass ved kyrkja.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Eldal, Jens Christian og Havran, Jiri (2002). Kirker i Norge, bind 3: Med historiske forbilder. 1800-tallet. Oslo: ARFO. s. 232-2395. ISBN 82-91399-11-5.
- Kirkebøe, M.C. (2007). Knut Arve Tvedt og Øyvind Reisegg, red. Oslos kirker i gammel og ny tid (2 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 39-40. ISBN 978-82-573-1946-5.
- Tvedt, Knut Are, red. (2010). Oslo byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 359. ISBN 978-82-573-1760-7.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Markus kyrkje Arkivert 2015-08-01 ved Wayback Machine.
- Kyrkjesøk – Markus kirke Arkivert 2013-11-04 ved Wayback Machine.
- Markus kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren