Markgama
Markgama | |||
øy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Markgama 75°16′00″N 88°04′39″E / 75.266666666667°N 88.0775°E | |||
Plasseringa til Markgama i Karahavet
|
Markgama eller Markhamøya (russisk Остров Маркгама) er ei lita, isolert øy sør i Karahavet utanfor Sorevnovanijabukta i Krasnojarsk kraj i Russland. Øya har berre spreidd tundravegetasjon og er dekt av snø det meste av året. Kysten av Tajmyrhalvøya ligg 15 km mot søraust.
Øya er berre 2 km lang og 1,5 km brei. Havet omkring er dekt av pakkis med noko poljnia gjennom den lange vinteren og det er isflak i havet sjølv om sommaren.
Markgama er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Området rundt Markgama vart utforska av Otto Sverdrup på skipet «Eklips» i 1914, medan han leita etter Brusilov og Rusanov. Øya vart kalla opp etter den britiske polarforskaren Albert Hastings Markham, men er stort sett kjend under den russiske stavinga av namnet Markham, Markgama.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Markgama» frå Wikipedia på engelsk, den 4. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: