Marie Corelli
Marie Corelli | |
Pseudonym | Mary Corelli |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 1. mai 1855 London |
Død |
21. april 1924 (68 år) |
Yrke | skribent, lyrikar, romanforfattar |
Språk | engelsk, italiensk |
Far | Charles Mackay |
Marie Corelli på Commons |
Mary Mackay (1. mai 1855–21. april 1924) var ein engelsk forfattar som skreiv under løyndenamnet Marie Corelli i viktoriatida. Verka hennar er kjende for å vera sterkt moraliserande, og ho vart då som nå skulda for å skriva i ein overdriven og melodramatisk stil.
Trass i motgang frå kritikarane var Corelli svært populær i samtida si; ho selde i større opplag enn til dømes Arthur Conan Doyle og H. G. Wells, og ho skal ha vore yndlingsforfattaren til dronning Victoria.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Mary var fødd utanfor ekteskap, truleg i London, som dotter av Mary Elizabeth Mills, tenestejente for faren den skotske diktaren og doktoren Charles Mackay. Dei to gifta seg etter at den første kona hans døydde.
Unge Mary blei send til ein klosterskule i Paris i 1866, og var der i fire år. Ho tok først kunstnarnamnet Marie Corelli som pianist, men brukte det seinare som løyndenamn då ho tok til å skriva.
I 1899 flytta Corelli til Stratford-upon-Avon, heimstaden til Shakespeare, der ho gjekk inn for å ta vare på minna om den store skodespelforfattaren, og oppfordra folk til å vitja landsbyen. Han er i dag ein av dei mest kjende turistattraksjonane i England.
Verkliste
[endre | endre wikiteksten]Romanar
[endre | endre wikiteksten]- The Romance of Two Worlds (1886)
- Vendetta!; or, The Story of One Forgotten (1886)
- Thelma (1887)
- Ardath (1889)
- Wormwood: A Drama of Paris (1890)
- The Soul of Lilith (1892)
- Barabbas, A Dream of the Word's Tragedy (1893)
- The Sorrows of Satan (1895)
- The Mighty Atom (1896)
- The Murder of Delicia (1896)
- Ziska (1897)
- Boy (1900)
- Jane (1900)
- The Master-Christian (1900)
- Temporal Power: a Study in Supremacy (1902)
- God's Good Man (1904)
- The Strange Visitation of Josiah McNasson: A Ghost Story (1904)
- Treasure of Heaven (1906)
- Holy Orders, The Tragedy of a Quiet Life (1908)
- Life Everlasting (1911)
- Innocent, Her Fancy and His Fact (1914)
- The Young Diana (1918)
- The Secret Power (1921)
- Love and the Philosopher (1923)
Novellesamlingar
[endre | endre wikiteksten]- Cameos: Short Stories (1895)
- The Song of Miriam & Other Stories (1898)
- Delicia & Other Stories (1907)
- The Love of Long Ago, and Other Stories (1918)
Noveller
[endre | endre wikiteksten]- Byron Loquitur (1892)
- Three Wise Men of Gotham (1895)
- The Distant Voice (1895)
- Nehemiah P. Hoskins, Artist (1895)
- An Old Bundle (1895)
- Mademoiselle Zephyr (1895)
- Tiny Tramps (1895)
- The Distant Voice: A Fact or Fancy (1895)
- The Withering of a Rose (1895)
- The Lady with the Carnations (1895)
- Angel's Wickedness (1895)
- My Wonderful Wife (1895)
- The Despised Angel: An Allegory (1907)
- The Soul of the Newly Born
- God's Light on the Mountains
- The Devil's Motor: A Fantasy (1910)
Sakprosa
[endre | endre wikiteksten]- The Modern Marriage Market (1898) (with others)
- Free Opinions Freely Expressed (1905)
- The Silver Domino; or, Side Whispers, Social & Literary (1892) (anonymous)