Hopp til innhald

Marathónas

Koordinatar: 38°09′N 23°47′E / 38.150°N 23.783°E / 38.150; 23.783
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marathónas
Lokalt namn Μαραθώνας

Frå sletta omkring tettstaden Marathónas
Geografi
Stad Attikí
Koordinatar 38°09′N 23°47′E / 38.150°N 23.783°E / 38.150; 23.783
Areal 226,6 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Aust-Attikí
Hovudsete Marathónas (5 260 innb.)
Demografi
Folketal 31 331 (2021[1])
Folketettleik 138,3 /km²

Marathónas (gresk Μαραθώνας) er ein kommune på austsida av halvøya Attikí i Hellas, nordaust for Aten. Han høyrer til periferieininga Aust-Attikí i periferien Attikí.[2]

Slaget ved Marathon stod på sletta i nærleiken av tettstaden Marathónas. I kommunen ligg òg den kunstige Marathonsjøen, som er vassreservoar for Aten.

Maratonløpet har namn etter ei legende knytt til slaget ved Marathon. Under Sommar-OL 2004 gjekk maratonløpet med start i Marathónas og mål på den gamle olympiastadion i Athen. Dette er òg ruta til det årlege Athen klassiske maraton.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]
Den tidlegare kommunen Marathónas, no kommunaleininga Marathónas

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 33 423 innbyggjarar, medan kommunaleininga Marathónas hadde 12 849 og tettstaden med same namn 7 170 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Néa Mákri Néa Mákri 15 554 16 906
Marathónas Marathónas 7 170 5 260
Káto Soúli Marathónas 2 142 1 755
Ájos Pandelímoas Marathónas 1 591 1 471
Varnávas Varnávas 1 326 1 342
Grammatikó Grammatikó 1 432 1 297
Néos Voutzás Néa Mákri 1 116 1 208
Vranás Marathónas 1 082 817

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.