Mangerfjorden
Utsjånad
60°37′24.118″N 4°58′31.559″E / 60.62336611°N 4.97543306°E
Mangerfjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Mangerfjorden 60°37′24″N 4°58′32″E / 60.6234°N 4.97543°E |
Mangerfjorden er ein fjordarm av Hjeltefjorden i Alver kommune i Vestland. Han har ei lengd på 7,5 km og held fram som Radfjorden på andre sida av øya Bongno.
Mangerfjorden har innløp mellom Eidsneset på Holsnøy i sør og Klubbsøyni ved øya Toska i nord. Halvvegs inn i fjorden ligg tettstaden Manger på nordsida av fjorden. Rett over fjorden ligg grenda Husebø.
Den totale lengda til Mangerfjorden, Radsfjorden og den vesle Kvernafjorden lengst søraust, som er i same fjordsystem, er 21 km.