Makhatsjkala
Makhatsjkala Махачкала | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Dagestan | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1844 1857 | ||||
Borgarmeister | Said Amirov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
458 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
466 900 1 019,4 /km² | ||||
Koordinatar | 42°58′N 47°29′E / 42.967°N 47.483°E | ||||
Høgd over havet | 10 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC 3) MSD (UTC 4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 367xxx | ||||
Retningsnummer (tlf) | 7 8722 | ||||
Bilnummer | 05 | ||||
Nettstad: www.makhachkala.org/ |
Makhatsjkala (russisk Махачкала́, avarisk МахIачхъала) er ein by i Russland, hovudstaden i Republikken Dagestan. Han ligg på vestsida av Kaspihavet og har om lag 470 000 innbyggjarar (2007).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Makhatsjkala historiske føregjengar var byen Tarki, som i dag er ein forstad, og som har ei historie som går tilbake til 1400-talet og kanskje tidlegare. Den moderne byen Makhatsjkala vart grunnlagd i 1844 som ei festning. Han fekk byrettar i 1857. Det opphavlege namnet på byen var Petrovskoje (russisk Петро́вское)—etter den russiske tsar Peter den store, som vitja regionen i 1722. Dei lokale innbyggjarane kalla han Anzhi-Qala (Jordfestninga, Qala eller Kala قلعه som tyder festning på persisk og arabisk). Byen fekk namnet Petrovsk-Port (russisk Петро́вск-Порт) i 1857 og gå Makhatsjkala i 1921. Byen vart råka av eit stort jordskjelv 14. mai 1970.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Makhachkala» frå Wikipedia på engelsk, den 16. november 2008.