Makaronisk dikting
Makaronisk dikting er ei form for poesi som blandar to språk, til dømes latin og eit folkespråk. Teknikken kan brukast for å oppnå ein komisk eller parodisk verknad, men finst også i alvorlege verk som hymner. Makaronisk dikting kan bruka latinske ord eller endingar sett saman med det andre språket. Språkblandinga kan ha som mål å skapa humor eller brukast som eit lyrisk verkemiddel.
Makaronisk dikting har utgangspunkt i mellomalderpreiker på latin og lokale talespråk. Fleire dikt frå mellomalderen er makaroniske, til dømes dikt i Carmina Burana-samlinga og salmen «In dulce jubilo», som er blitt kjend som julesongen «Eg synger jolekvad».
Den humoristiske sjangeren byrja i Italia på slutten av 1400-talet med diktet Macaronea (Carmen maccaronicum) av Tifo Odasi, truleg namngjeve etter bondekosten med pasta eller makaroni. Den mest berømte av etterfølgjarane hans i Italia er Teofilo Folengo. I England finn vi John Skelton, i Skottland William Drummond og i Tyskland loppeheltediktet Die Flohiade ('Flohiaden'). Rabelais og Molière har òg nytta metoden.
Nyare dikting som er blitt kalla makaronisk er dikt som inneheld fleire linjer på framande språk, som The Waste Land av T.S. Eliot eller Cantos av Ezra Pound.
Døme
[endre | endre wikiteksten]I Norden finst fleire utgåver av eit dikt som byrjar med «Gingimus in gadibus» eller «gatis», 'lat oss gå i gata' på tøyselatin.
Svensk utgåve frå Lund:
|
Dansk utgåve:
|
Makaranisk dikting er spesielt vanleg i tospråklege kulturar. Frå Irland og Skotland finst det mange tradisjonelle songar med vers som vekslar mellom gælisk og engelsk. Eit døme:
When I came down to Glasgow first,
a-mach air Tìr nan Gall.
I was like a man adrift,
air iomrall 's doll air chall.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Friedrich Wilhelm Genthe, Geschichte der macaronischen poesie: und sammlung ihrer vorzüglichsten denkmale (1829)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«makaronisk poesi» i Store norske leksikon, snl.no.
- Nordisk familjebok (1886), «Makaronisk poesi»
- Sunnanfari (1897) «Maccarónskur skáldskapur»
- Dinah Birch (2009), «macaronic verse», The Oxford Companion to English Literature, Oxford University Press